MENTOR: Michelle Lowe-Holder, tekstildesignar frå Canada, kjem til Lærdal for å vera mentor på ein workshop om lokale handverksprodukt. Denne kjolen vart funnen i eit dødsbu i Lærdal. Prosjektet Levande lokale Lærdal ønskjer å bruka han som utgangspunkt for utvikling av nye produkt. (Pressefoto)

Ho skal sjå med friske auge på lokalt handverk

Levande lokale-prosjektet i Lærdal hentar inn inspirator frå Canada til ein workshop om lokale handverksprodukt.

Publisert 26.01.2018 kl. 15.24.

I månadsskiftet januar/februar kjem tekstildesignaren Michelle Lowe-Holder til Lærdal for å læra vekk handverksteknikkar. Eitt mål er å utvikla fleire lærdalsprodukt, og etter kvart kan også eit eige lærdalsgarn bli realitet, skriv prosjektleiar Tone Boska og prosessleiar Siv Støldal i prosjektet Levande lokale Lærdal i ei pressemelding.


Tradisjonshandverk

Lowe-Holder kjem opphavleg frå Canada. Ho har spesialisert seg på tradisjonshandverk og gjort mange mentorjobbar rundt om, blant anna for fleire kjende merkevarer. Berekraft er i fokus i Lowe-Holder sitt virke, og ho har vore i Noreg i samband med fleire engasjement.


- Michelle Lowe-Holder var i Lærdal for å gjera seg kjend her før jul, og me veit at det allereie er i gang idear til fleire spennande prosjekt som Borgund-inspirert strikkemønster, strikk med lakseskjel-tekstur, klede sydd av lærdalsteppe og lakseskinn og laksefluge-broderi på genserar til born, står det i pressemeldinga.


Åtte dagar workshop

Førstkomande laurdag går startskotet for ein åtte dagar lang workshop leia av Michelle Lowe-Holder og Siv Støldal: Laurdag skal dei halda til i foajeen i Lærdal kulturhus.


- I løpet av dagen byrjar me med første stadiet i ein designprosess, nemleg å samla inspirerande materiale og tilpassa dette til nye design i tekstil. Me kjem til å jobba med inspirasjon me har samla inn i prosjektet så langt, henta frå ulike loft i Lærdal og i arkivet på Sogn Folkemuseum. Men me vil gjerne ha meir. Så me ønskjer at alle tek med «typisk Lærdal» - inspirasjon til oppstarten, står det i pressemeldinga.


Workshopen held fram med samlingar kvar ettermiddag frå måndag 29. januar fram til fredag 2. februar. Desse samlingane blir på designstudioet i Telegrafen. Laurdag 3. februar er det finale med ei utstilling på Lindstrøm hotell som viser ideane deltakarane på workshopen har jobba med og det som er gjort i designprosessen så langt.


Lærdalsgarn

Dei to prosjektmedarbeidarane fortel også at det er ein annan svært spennande prosess på gang i samband med workshopen og prosjektet


- Det går ut på å utvikla eit eige lærdalsgarn frå lokalt saue- og alpakkaull. Dette er noko det blir jobba med i samarbeid med ein garnprodusent, står det i pressemeldinga. 


Les meir om: Kultur Lærdal Reiseliv

Siste saker Gå til framsida