NOMINERT: Kristin Sønnerheim er nominert til fylkeskulturpris for arbeidet med Aurlandsdalen. (Arkivfoto)

Ho er ein av tre finalistar til fylkeskultur-prisen

Politikarane har no tre kandidatar å velja mellom.

Publisert 14.11.2017 kl. 20.31.

Innstillingsnemnda har no innstilt tre kandidatar til fylkeskulturprisen, opplyser Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Det kom inn totalt 15 framlegg til kandidatar. Ei innstillingsnemnd med medlemmar frå hovudutvalet har vurdert alle framlegga. Nemnda har også drøfta kandidatar som har vore føreslått tidlegare. Det står no att tre kandidatar:

  • Idretten i Sogn og Fjordane v/Sogn og Fjordane idrettskrins for alt frivillig arbeid som blir lagt ned og betydinga dette har for fylket.
  • Teaterfestivalen i Fjaler, Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie for å ha etablert og bygd opp ein teaterfestival med høg kvalitet og som er med å auke mangfaldet av teatertilbod i fylket.
  • Kristin Sønnerheim for langvarig innsats for Aurlandsdalen som turmål.

Hovudutval for næring og kultur avgjer 21. november kven som får fylkeskulturprisen for 2017.


Siste saker Gå til framsida