NY MØTEPLASS: F.v: Hanna Vangsnes, Sigurd Myklebust, Rakel Hamre og Jorun Yri ønskjer velkomen til den nye møteplassen i Saften. Dei håpar mange ungdomar vil nytta seg av tilbodet.

Her rår ungdomen grunnen

Supersentralt, midt mellom butikkane og idrettshallen, har systrondsungdomen fått sin eigen møteplass.

Publisert 02.02.2017 kl. 21.00.

- Tanken er at ungdom kan møtast utan at det skjer i organiserte former, seier Jorun Yri i ungdomsrådet. Onsdag vart nyvinninga opna, førebels utan eige namn.

SPEL: Fotballspelet har fått plass i den eine enden av lokalet.

Namnetevling

Den biten håpar ungdomsrådet at ein eigen namnekonkurranse skal få på plass.


- Me håpar på mange gode framlegg til namn. Dei kan leggjast i ein kasse som me vil setja opp i det nye lokalet. Ein kan også følgja ungdomsrådet si eiga side på Facebook og koma med namneinnspel der, seier Hanna Vangsnes.


Ingen sjefar

Tysdag var fire av ungdomspolitikarane på plass i dei nye lokala, med idear og tankar om korleis tilbodet kan bli. Ein ting er klart: Lokala skal vera opne heile dagen og kvelden, og det er ungdomen sjølve som skal ta ansvar for lokalet og innhaldet. På den nye møteplassen er det ingen sjefar.


- Me stolar på at ungdomane sjølve tek ansvar, seier Rakel Hamre.


Gå seg til

Satsinga som spratt ut av startgropa onsdag er eit viktig tilbod. Det er medlemmene i ungdomsrådet samde om.


- Ungdomen treng ein plass å møtast heilt uorganisert. Litt av målet er å ha ein stad sentralt der ein berre kan stikka innom og slå av ein prat eller slappa av mellom treningsøktene, seier dei.


- Det er eit prøveprosjekt, og går alt bra kan tilbodet byggjast ut, seier Sigurd Myklebust.


Spel og bøker

- Kva aktivitetar legg de opp til at det skal vera i lokalet?


- Me har ulike spel og håpar å få på plass eit musikkanlegg. På sikt har me tankar om å få til filmkveldar, kanskje Lan og eit månadleg tilbod med open scene, seier dei.


- Og so har de vegger fulle av bøker.


- Ja. Her er det berre ungdomsbøker som ein kan lesa eller låna med seg heim. Er det bøker ein ønskjer å lesa, men som ikkje finst i hyllene her, er det berre å ta kontakt med hovudbiblioteket i nabolokalet, seier Jorunn Yri.


Salsutstilling

Ein ting som kjem litt meir på vårparten er ei lokal fotoutstilling, ei salsutstilling. Her stiller kommunen opp med hjelp til framkalling og montering, og inntektene går heilt og fullt til ungdomsrådet, til ungdomsarbeid.


- Kanskje kan me ha eit mål om å kopla utstillinga til palmehelga.


Møbeljakt

Dei fire håpar systrondsungdomen vil bruka det nye tilbodet flittig, og ser at ein har ei lita utfordring på sitjeplassar, alle fall komfortable sitjeplassar.


- Er det nokon som har ein sofa eller ein lenestol dei kan avsjå tek me gjerne i mot. Men dei må vera litt moderne og freshe, seier Myklebust.


Kjeldesortering

På den nye møteplassen er det ungdomane som rår grunnen. Utan sjefar, men ikkje utan reglar. Alle må ta ansvar.


- Her blir det kjeldesortering. Ungdomen er framtida, det er me som kan redda miljøet.


Les meir om: Kultur Leikanger Ung