NØGDE: Festivalsjef Sunniva Breidvik t.h og nestsjef Frida Sofie Jordalen Skoglie er godt nøgd med bidraga til filmfestivalen. (Pressefoto)

Har fått inn over 40 filmar til festival

Høg kvalitet og stor breidde

Publisert 19.03.2017 kl. 19.00.

- Me er veldig svært nøgde med at det kom inn over 40 filmbidrag frå heile landet til årets festival. Desse filmane fordelar seg over fleire sjangrar og det er stort spenn i aldersgruppene til filmskaparane, seier festivalsjef Sunniva Breidvik i ei pressemelding.


Juryen

No er det berre få dagar att til Sogndal Filmfestival skal arrangerast i Sogndal Kulturhus torsdag den 23. mars med tradisjonsrik gallakveld og prisdryss i fleire kategoriar med det beste som ung, kreativ, filmungdom frå Vestlandet har å by på.


Og påfølgande fagdag 24. mars.


Jurysjef Stein Magne Os er også godt fornøgd med det juryen har fått til vurdering. Mange av filmane held høg kvalitet, fortel Os.  


Kjekt

Han meiner det alltid er kjekt å vere i juryen for Sogndal Filmfestival, og i år er slett ikkje noko unntak.


- Å sjå korleis dei unge brukar film som uttrykksform og gjennom dette få eit inntrykk av kva dei er opptekne av er både spanande og interessant, seier Os. Den erfarne fotografen og bildeproduceren har lang fartstid frå NRK. Saman med fotograf Bjørn Bergum har Os sete i juryen for Sogndal Filmfestival i ei årrekkje. Med i juryen i år var også: Elisabeth Sowerby Dale og Oddvar Ulven Vigdal.


- Ettersom kvaliteten på filmane i år er jamt høg og dei innsende bidraga viser stor breidde fekk vi til dels heftige diskusjonar i juryen for å kåre vinnarane, legg Os til.


Fredag 24.mars kjem fire tilreisande foredragshaldarar, alle med fokus på filmskaping.


Fotograf Jakob Ingimundarson som seier at han elskar Sogn og på festivalen får du høyre kvifor. Susanne Boucher er berre nitten år, men har alt lang skodespelarkarriere bak seg, mellom anna var ho med i «Frikjent».


Produsent Einar Loftesnes sine mange produksjonar er oftast idear med utspring i Sogn. Erling Borgen sitt foredrag der han skal fortelje om filmane sine har fått stor interesse frå publikum alt.


Det er heilt gratis å delta på fagdagen.


Publikumspris

Dei ti filmane som kjempar om årets publikumspris ligg no ute til avrøysting på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider. Der kan du sjå filmane og gje frå seg di stemme fram til torsdag.


https://www.nrk.no/sognogfjordane/ti-filmar-kjempar-om-gjev-pris-1.13425275


 


Les meir om: Nyhende Kultur Sogndal