TIL SOGN: Erlend Apneseth kjem til Sogndal og Lærdal med trioen der han har med seg Øyvind Hegg Lunde (t.h.) frå Borgund på trommer og Stephan Meidell på gitarar. (Foto: Oddleiv Apneseth)

God mottaking for fersk plate

Erlend Apneseth Trio har sleppt plata «Åra» og er på veg til Sogn på turné.

Publisert 19.09.2017 kl. 15.11.

15. september sleppte trioen, som består av Erlend Apneseth, Øyvind Hegg-Lunde og Stephan Meidell albumet «Åra», som følgjer opp spellemannsnominerte «Det Andre Rommet» frå 2016.


- Heilt fantastisk

- Mottakinga så langt har vore heilt fantastisk, med blant anna ei framifrå melding i Aftenposten som fyrste melding, fortel Øyvind Hegg-Lunde frå Borgund.


Om trioen skriv platemeldar Svein Andersen i Aftenposten mellom anna: «Igjen klarer de å overrumple oss og vise hvor magisk musikk kan være i det rette hender».


Har spelt mykje

- Den nye plata er ei vidareføring av det me skapte på "Det Andre Rommet". Den er blitt spelt inn i Duper Studio i Bergen, der mykje av fokuset låg på å laga eit homogent bandsound. Trioen har fått spelt veldig mykje dei siste åra, der me har fått testa ut litt nye ting også live. Ein del av desse tinga har kome med på den nye plata "Åra", i tillegg til ein god del nye idéar, fortel Hegg-Lunde.


Til Sogn

No legg trioen ut på noregsturné, og dei skal mellom anna spela i Blaoboxen i Sogndal 23. september og Borlo Bygdetun i Lærdal 24. september.


- Blaoboxen har me spelt i ein gong tidlegare, noko som var ei veldig hyggeleg oppleving. Og me gler oss masse til å koma tilbake til denne konsertserien i Sogndal, seier Hegg-Lunde.


Les òg: Ny musikk i Blaoboxen


Les meir om: Kultur Lærdal Musikk Sogndal

Siste saker Gå til framsida