STERK AVSLUTNING: TNT avslutta første kveld på Målrock og dermed også 70-årsmarkeringa til Årdal Kjemiske Fagforening, som hadde mobilisert hundrevis av medlemmer framfor scena. (Foto: Håvard Nesbø)

Gjevt jubileum og eksplosiv opning

Årets første festivaldag markerte også 70 år med fagrørsle og solidaritet i bygda.

Publisert 12.08.2017 kl. 13.42.

Denne torsdagskvelden hadde nemleg Årdal Kjemiske fagforening vigd sitt 70-årsjubileum. noko som også prega programmet i høg grad.


Det må sjølvsagt heavy metal til når folk som kokar lettmetall skal feira godt over ein mannsalder med så vel samhald og kameratskap, klassekamp og sosialisme som strid og framsteg.

GODE KAMERATAR: Torsdag var Yngve Hågensen og Olav Støylen ein snartur innom bygda for å helsa på gode kameratar. Her saman med Inger Hoff, spesialrådgjevar i Industri og Energi, og Andreas Bakken, nestleiar i Kjemisk.

Står sterkt

- Det er faktisk særs få plassar i landet at fagrørsla har stått så sterkt som den har her i Årdal. Dette har vore ein bastion som har vore med på å prega ikkje berre årdalssamfunnet men også det politiske Noreg når det gjeld å satsa på kraftintensiv industri.


Det seier Olav Støylen, tidlegare leiar i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund, seinare Industri og Energi. Han var så vidt ein snartur innom industribygda torsdag ettermiddag for å helsa på gamle kameratar i samband med valkampopninga til Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane

VERDSMANNEN: Ketil Thorbjørnsen hadde mellom anna med seg Karl Seglem på scena og var særs nøgd med stoda.

Viktig historie

Med seg hadde han tidlegare LO-leiar Yngve Hågensen, heller ikkje han ukjend med årdalsamfunnet og den betydninga Kjemisk har hatt for utviklinga.


- Kjemisk si historie er også LO si historie. Det handlar om velferdssamfunnet i Noreg og det som har vore grunnlaget for det som vert kalla den norske modellen, som har vore basen for heile fagrørsla, seier Hågensen.

CC COWBOYS: Magnus Grønneberg og CC Cowboys har vore på Målrock før og var mellom dei store trekkplastera denne kvelden. Dei hausta mange lovord for framføringa si. (Foto: Håvard Nesbø)

For fellesskapen

- Og her har Kjemisk spelt ei stor rolle. Årdølene og samfunnet her har gjennom sitt arbeid ikkje berre vore store innan kjemisk, men også i LO-samanheng fordi dei har teke det ansvaret og fått den innverknaden dei har, seier han.


Dei to fagforeiningslegendene hadde ikkje sjølv høve til å ta del i jubileumsmarkeringa, men slo fast at denne typen arrangement er heilt i tråd med det fagrørsla står for.

THE VOICE: Tidlegare vokalist i Manfred Manns Earth Band, Chris Thompson, var mellom favorittane til dei såkalla godt vaksne Kjemisk-medlemmane. (Foto Håvard Nesbø)

Samfunnsansvar

- Det er fleire og fleire som feirar jubileum, ikkje berre med ein tradisjonell fest, men i samanhengar der ein inviterer både medlemmer og heile lokalsamfunnet til å ta del. Det er på ulike måtar, men det handlar i bunn og grunn om å ta samfunnsansvar både materielt og kulturelt sett, seier Støylen.


- Lokalsamfunnet er heilt avhengige av sterke og stabile og stødige fagforeiningar som kan snakka lokalsamfunnet si sak, legg Hågensen til.


400 aktive

Årdal kjemiske fagforening har i dag litt over 400 aktive medlemmer, som alle - utanom dei som var på ettermiddag - hadde fått tilbod om gratis inngang til Meieriparken, i tillegg til mat og drikke.


- Organisasjonsgraden vår er nede i kanskje rundt 85 prosent, så me skulle nok ønskt at den var noko høgare, konstaterer leiar i Kjemisk, Bjørn Øvstetun.


Verken han eller nestleiar Andreas Bakken trur ungdommen no til dags forstår viktigheita av å vera medlem.


Meir offensive

- Men det gjeld nok ikkje berre fagforeining, det gjeld også all politisk verksemd og organisasjonsarbeid, trur eg, seier Øvstetun.


- Det er nok det som har endra seg mest i alle desse åra, er at tidlegare var det like sjølvsagt å vera medlem som å møta på jobb. Men me har kanskje ikkje vore offensive nok i høve til å verva nye medlemmer heller, sjølv om det har teke seg litt opp dei siste åra etter at me fekk innpass i introduksjonsprogrammet til Hydro.


Eksplosivt

70 år må uansett feirast og det må fagrørsla og medlemmane seiast å ha gjort til gagns i parken denne kvelden.


Med TNT som hovudnamn vart det nærast eksplosivt på scena etter eit program som symbolsk sett, med nokre internasjonale, store nasjonale og sjølvsagt, vesentlege lokale namn, også spegla den verdiskapinga medlemmane har bidrege til gjennom sju tiår.


Les meir om: Nyhende Kultur Festival Årdal

Siste saker Gå til framsida