SCENEVANDE: Jacob´s dream har fleire scenevande bandmedlemmar, mellom anna Gunn Marit Kvåle i front. Gruppa gjekk vidare til festivalen i Trondheim. (Foto: Mariel Hov Molland, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Gjekk vidare til nasjonal UKM-festival

300 ungdommar deltok på UKM-festivalen i helga.

Publisert 16.04.2018 kl. 13.50.

Blant bidraga frå Sogn er det to sceneframsyningar som er plukka ut til å delta på UKM-festivalen i Trondheim 25. - 29. juni.


Det er Tetanuz frå Årdal med eigenskriven låt og Jacob´s dream frå Luster med låten «Oblivescence».


Arrangørane melder om mykje liv og røre på festivalen i helga.

VIDARE: Tetanuz frå Årdal satsar på knallhard rock, og gjekk vidare med ein eigenskriven låt. (Foto: Ida Falkgjerdet Svåi, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune)

- Høgt nivå

Det har vore sceneframsyningar i Høyangerhallen, utstilling på Høyanger vidaregåande skule, nattbad i Høyangerbadet, workshops, konsert i Valhall og mykje leik og moro ut i dei små timane.


- Det har vore ei stor glede for Sogn og Fjordane fylkeskommune og OnCue Music Productions AS å arrangera festivalen. Me er stolte over å kunne vera med å visa fram breidda i ung kultur i Sogn og Fjordane. Nivået til deltakarane er høgt, og alle har grunn til å vere stolte av innsatsen sin. Responsen frå publikum, totalt 1000, stadfestar dette inntrykket, seier Eva Kristin Svidal i fylkeskommunen i ei pressemelding.


Møteplass

UKM er eit arrangement som engasjerer. Rundt 700 har delteke på dei lokale mønstringane i kommunane.


UKM er ikkje ein konkurranse, men ein møteplass for ung kultur, presiserer arrangøren.


- Helst ville me ha sendt vidare alle til den nasjonale festivalen, og fagpanelet har nok ein gong hatt ei tøff oppgåve, seier Svidal.


Fagpanelet var sett saman av Frøydis Aarseth, Oddleiv Apneseth, Janne Karin Støylen, Marcus Hansen Våge, Elise Hessevik, Jonas Øren og Synnøve Nordvik.


Til Trondheim

Desse skal til UKM-festivalen i Trondheim 25. - 29. juni

Sceneinnslag:
Sara Rose Zadig (17 år) frå Gaular med låten «People help the people»
Jacob´s dream frå Luster med låten «Oblivescence». Eirik Andreas Albretsen (19 år), Gjest Kvåle (19 år), Gunn Marit Kvåle (17 år), Harald Ahlin Søvde (16 år), Jakob Årøy (16 år), Ole Kristian Flåten (19 år)
Sara Sandvik Arnestad (17 år) frå Eid med dans etter låten «In this Shirt»
Tetanuz frå Årdal med ein sjølvskriven låt. Markus Hagen (15 år), Ola Akre (17 år), Tobias Hagen (17 år), Viktor Vee (17 år)
Sajen Shrestha (19 år) frå Fjaler med låta «Comfortably Numb»

Kunst:
Biletserien «Bille I», og «Bille II», Amalie Rosalinda K. Ytre-Hauge (15 år) frå Bremanger
«Brølende kvinne», Sonja Holmøy-Wang (18 år) frå Hornindal
«Last minute», Anders Flore (19 år) frå Stryn
«Barn», Ingrid Bolstad (18 år) frå Førde


Siste saker Gå til framsida