TAKKAR AV: - No er det tid for at nye krefter leier skuta vidare, seier Hilde Bjørkum, direktør for Førdefestivalen. (Pressefoto: Arve Ullebø)

Gir seg som festivaldirektør

Hilde Bjørkum takkar av som direktør etter Førdefestivalen 2018.

Publisert 19.12.2017 kl. 11.16. Oppdatert kl. 11.21.

- Det har vore ei lang, spennande og lærerik reise. No er det tid for at nye krefter leier skuta vidare, difor har eg orientert styret om at eg ynskjer å tre av som direktør etter at festivalen 4.-8. juli 2018 er gjennomført, seier Bjørkum.


- Hardt arbeid

Hilde Bjørkum, som kjem frå Årdal, har vore sjef for Førdefestivalen sidan hausten 1989, berre avbrote av to morspermisjonar og eit år som fylkesmusikar, heiter det i ei pressemelding frå festivalen.


- Me har bygd festivalen stein på stein over mange år, med hardt arbeid og stort engasjement, og i samarbeid med ei mengd gode hjelparar; frivillige, offentlege og private støttespelarar og gode samarbeidspartar innanfor kulturlivet, seier Bjørkum.


Størst i Skandinavia

Frå ein sped start med ei 50 prosent prosjektstilling, har Førdefestivalen no sju arbeidsplassar og ein årleg omsetnad på rundt 19 millionar kroner.


Festivalen er Skandinavias største i sitt slag og er anerkjend nasjonalt og internasjonalt for høg kvalitet både kunstnarleg og arrangementsmessig, og for ein klar og særeigen profil, heiter det i pressemeldinga.


- Attraktiv stilling

Stillinga som direktør vert lyst ut like over nyttår. Festivalen samarbeider med selskapet Hodejegerne Møllerstad & Christiansen i rekrutteringsprosessen. Styreleiar Tone Winje trur stillinga vil vera attraktiv.


- Hilde Bjørkum har lagt eit svært godt grunnlag gjennom sitt årelange arbeid. Me vil takka henne for den formidable innsatsen ho har lagt ned for å utvikla festivalen til det den er i dag. Den som no kjem, inn vil ta over ein solid organisasjon med gode moglegheiter for vidare utvikling, seier ho.


Frå 1. september går Bjørkum over i 50 prosent rådgjevarstilling ved festivalen med søkjelys på utviklingsarbeid.


Les òg: Denne sommaren skal det dansast i Førde


Les meir om: Kultur Festival Musikk Årdal

Siste saker Gå til framsida