TRENG ARRANGØR: Fleire hundre ungdommar deltek i UKM kvart år, her står nokre av dei på scena under UKM i Lærdal nyleg. Fylkeskommunen søkjer no etter arrangør for UKM-festivalen 2019. (Foto: Arkivfoto)

Fylkeskommunen søkjer ny UKM-arrangør

Ønskjer å flytta festivalen rundt i fylket.

Publisert 09.02.2018 kl. 17.00.

UKM-festivalen Sogn og Fjordane er det største årlege UKM-arrangementet i fylket. Fylkeskommunen er på jakt etter ny arrangør for 2019-festivalen, går det fram av ei pressemelding.


Dei siste åra har festivalen vore arrangert i Høyanger.


- Me har som mål at festivalen skal flytta rundt i fylket og ha ulike hovudarrangørar. Fylket vårt har mange kulturhus som er godt eigna å arrangera festivalen, seier Eva Kristin Svidal som er fylkeskontakt for UKM.


UKM-festivalen samlar kvart år kring 300 ungdommar til sosiale aktivitetar, workshops, utstilling og sceneframsyningar. I tillegg til å delta med utstillingsarbeid og sceneinnslag, kan ungdomar delta som konferansierar, unge arrangørar og i UKM Media.


Årets festival vert arrangert i Høyanger 13.-15. april, og fylkeskommunen håpar å ha hovudarrangør for festivalen i 2019 på plass innan den tid.


Siste saker Gå til framsida