STØTTE: Fres festival er komen inn under festivalordninga til Kulturrådet. Her står Slegest på scena under årets festival. (Arkivfoto)

Fres festival får meir støtte frå Kulturrådet

Fres festival er komen over på festivalordninga til Kulturrådet, og festivalen får 150.000 kroner i støtte for 2018.

Publisert 14.12.2017 kl. 16.56. Oppdatert kl. 20.22.

Festivalen i Fresvik har for det første fått det dei søkte om, og har også fått ei auke i støtta på 50.000 kroner.


- Me er kjempeglade for at me har fått meir, seier Håvard Ese Eliassen i festivalleiinga.


Fres festival var i år med under arrangørordninga, men endringa har neppe praktisk betydning. I år var det litt kluss då fylkeskommunen ikkje ville gje støtte sidan festivalen var del av arrangørordninga, men dette vart omgjort av fylkestinget.


- No blir det fullt køyr og me held fram planlegginga av festivalen 2018, seier Ese Eliassen.


Balejazz er også med vidare og er inne på tilskotslista med 200.000 kroner i 2018. Målrock har ikkje fått tilsagn om tilskot for 2018, medan Gloppen Musikkfest og Malakoff har fått høvesvis 400.000 og 300.000 kroner. Utkantfestivalen har fått 350.000 kroner, medan FjordBlues har fått 100.000 kroner. 


Dei to store festivalane i fylket er også på lista. Folkemusikkfestivalen får 6,3 millionar kroner kvart år 2018-2020. Countryfestivalen får 1,43 millionar i 2018.


Kulturrådet har fordelt omlag 290 millionar til musikkfestivalar for dei komande tre åra. Tildelinga bidreg til å utjamna ulikskapar mellom musikkfestivalar som oppstod som følgje av knutepunktordninga. Tilskota til samtlege musikkfestivalar er for første gong samla på éi ordning i Kulturrådet. Dette har gitt Kulturrådet moglegheit til å revurdera tilskotsnivåa ut frå eit kunst- og kulturfagleg skjønn.


- Meir rettvis fordeling

- Me meiner me har fått til ei meir rettvis fordeling av tilskota til musikkfestivalar. Det har vore ei krevjande oppgåve, men me har hatt god hjelp av midla som kom i haustens budsjettforlik, seier leiar for Musikkutvalget for arrangør og festivalstøtte, Jan Ole Otnæs, i ei pressemelding.


Som følgje av Stortingets budsjettvedtak har Kulturrådet vedteke ei ramme på musikkfestivalordninga på 147,7 millioner, noko som er ei auke på 8,7 millionar frå 2017.


- Knutepunktordninga skapte unødvendig store skilnader i tilskotsnivået til elles samanliknbare musikkfestivalar. Me har derfor valt å gjera ein viss reduksjon i tilskota til fleirtalet av dei tidlegare knutepunktfestivalane. Dermed har me frigjort midlar som saman med auken frå Stortinget, har gjort oss i stand til å gje det øvrige festivalfeltet eit løft som kjem til å merkast rundt om i heile landet, seier Otnæs.


Prioriterer stabile rammer

Samstundes understrekar han at tilskota til dei største festivalane er halde på eit nivå som gjer dei i stand til å vidareutvikla seg som spydspissar i sin sjanger og region.


Til søknadsrunden for 2018 har det vore til saman 202 søknader til handsaming. 133 av desse er innvilga støtte for 2018, og 53 festivalar har fått tilskot for fleire år. Talet fleirårige tilskot er tredobla frå åra før.


- Ved å auka talet fleirårige tilskot, har me gitt eit tydeleg signal om at me prioriterer stabile rammer som gir festivalar moglegheit for langsiktig utvikling. På den måten skaper me ulike utviklingskurver i tilskota, med fokus på ein forsvarleg nivåutjamning, seier Otnæs.


Siste saker Gå til framsida