FÅR STØTTE: Odd Einar Nordheim frå Årdal frå støtte frå Sogn og Fjordane Musikkfond. (Foto: Kjerand Nesvik)

Får støtte til å spela inn musikk

Odd Einar frå Årdal og Slegest frå Leikanger er mellom dei som får støtte til innspeling av musikk frå Sogn og Fjordane Musikkfond i år.

Publisert 05.12.2017 kl. 12.00.

Totalt kom det inn over 20 søknadar på over 500.000 kroner, og juryen hadde 100.000 kroner å dela ut. Desse midlane vart fordelte på sju prosjekt og eit etableringsprogram, går det fram av ei pressemelding.

- Det er veldig spennande å sitja i juryen for Sogn og Fjordane Musikkfond (SOMU), og søknadane gir oss eit godt innblikk i kva som rører seg i musikklivet rundt om i heile fylket. Helst skulle me sjølvsagt gitt støtte til endå fleire, men juryen var samrøysta i å prioritera dei sju som får tildeling i denne runden, seier Sølvi Lien, som sat i juryen.

BLINK: Systrondsrockarane i Slegest er mellom søkarane som trefte blink med søknaden sin til Sogn og Fjordane Musikkfond. (Foto: Privat)

Satsing på innspeling

Det var mange som søkte om støtte til innspeling av musikk. Av desse vart seks plukka ut i tildelinga.


- Dette er musikarar som me finn innanfor mange sjangrar og viser at fylket har ei stor breidde av artistar på høgt nivå.


Dei som får støtte i denne runden er Falkevik, Camilla Hole Trio, Slegest, Selvik, Odd Einar og Baia Wolf.


- Å finna fram til talent er kanskje verdens mest takknemlige oppgaver. Å kunne dela ut penger til dei med talent, må vera enda gøyare, meiner Christer Falck, som er manager for Odd Einar Nordheim frå Årdal.


Han meiner Sogn og Fjordane Musikkfond gjer ein viktig jobb med å finna fram til dei som kan trenga det vesle ekstra løftet.


- Det handlar ikkje berre om kroner og øre, men også å gje talenta anerkjenning og eit lite vink om at «me ser deg og me legg merke til det du driv med», seier Falck.


På turné

Bandet Spitfire får støtte frå fondet til å reisa på turné. Bandet har dei siste åra vore på to større europaturnear og hatt over 30 konsertar. Dei planlegg ein ny turné i 2018.


Havblikk blir første bransjeaktør som får SOMU sitt etableringsprogram. Etableringsprogrammet skal utviklast saman med mottakar og gi verktøy til aktøren som kan hjelpa vedkommande vidare med prosjektet sitt, heiter det i pressemeldinga.


Formålet til den nyoppstarta konsertarrangøren Havblikk er å fremja musikk og kultur ytterst i havet, gjennom konsert- og kulturarrangement i øygruppa Batalden utanfor Florø.


Sogn og Fjordane Musikkfond (SOMU) er eit sjangeruavhengig fond med tilskotsordningar for artistar og arrangørar i Sogn og Fjordane. Fondet har eksistert sidan 2012 og er den første og per no einaste tilskotsordninga for musikk i Sogn og Fjordane. SOMU vert administrert og drifta av Brak. I juryen for årets tildeling sat Sølvi Lien, Håvard Eliassen og Jørgen Stangeland Bach, vert det opplyst i pressemeldinga.


Les meir om: Kultur Musikk

Siste saker Gå til framsida