TIL FJELLS: Denne helga vert Fjellfilmfestivalen arrangert for 16. gong på Gjendesheim i Jotunheimen, 994 moh. (Foto: Eivind Haugstad Kleiven)

Film trekkjer tusen festivaldeltakarar til fjells

Fjellfilmfestival i Jotunheimen i helga er utseld.

Publisert 04.09.2018 kl. 07.27.

- Me gler oss til å ta imot fjellfolket til den 16. utgåva av Fjellfilmfestivalen. Kombinasjonen av friluftsopplevingar og film i friluft er så god som uslåeleg, seier festivalsjef Maritha Bjørnbeth.


Festivalen går av stabelen ved foten av Besseggen, på Gjendesheim i Jotunheimen, vert det opplyst i ei pressemelding.


Førpremiere

42 filmar skal rulla over skjermane i løpet av helga. Eit høgdepunkt er førpremieren på «Arctic», ein film som handlar om å stranda i Arktis og kampen for å overleva. Hovudrolla vert spelt av danske Mads Mikkelsen.


- Me er stolte over å ha «Arctic» som opningsfilm og spesielt at det er i fjellheimen, på Fjellfilmfestivalen, at han vert vist første gong i Noreg, seier Bjørnbeth.


Norsk storfilm

Ein ekte norsk storfilm høyrer også med på Fjellfilm, meiner arrangørane. Laurdag kveld vert «Skjelvet» synt under open himmel.


Den norske dokumentaren «Dronning utan land» tek føre seg den dramatiske effekten klimaendringane har på isbjørnens økosystem på Svalbard. Kinoversjonen vert synt første gong i Noreg på Fjellfilm.


- Måla til Fjellfilm er å inspirera til å driva eit aktivt friluftsliv, samt vekkja engasjement rundt miljø, natur og berekraft. Me håper og trur at årets program både vil engasjera, underhalda og bidra til at ein reflekterer rundt sin egen og vårt felles forhold til og bruk av naturen, seier Bjørnbeth.


Meir enn film

Fjellfilmfestivalen er meir enn film. På årets program finn ein kart og kompasskurs, multisport, morgonyoga på SUP-brett, singeltur og turmatkurs. I tillegg vert det arrangert fleire guida toppturar, går det fram av pressemeldinga.


Les meir om: Kultur Film Fjellsport

Siste saker Gå til framsida