JAZZ: Balejazz er ein av tre festivalar her i fylket som får pengar frå Norsk kulturfond i 2017.

Festivalar får støtte

Balejazz og Målrock er i det gode selskap.

Publisert 19.12.2016 kl. 16.00.

Kulturrådet har fordelt til saman 57,3 millionar kroner til 111 musikkfestivalar som vert arrangert rundt om i landet i 2017.


- Me er godt nøgde med breidda og mangfaldet i årets festivaltildelingar. Kulturrådet ønskjer å sikra eit godt festivaltilbod over heile landet, og vil at alle sjangrar og musikkformer skal nå eit nytt og breiare publikum. I årets tildeling har fagutvalet prioritert festivalar av særleg nasjonal, regional og sjangermessig betydning og har vore oppteken av å harmonisera tilskotsnivået for festivalar ein kan samanlikna, seier Jan Ole Otnæs, leiar for musikkutvalet for arrangør- og festivalstøtte, i ei pressemelding.


Støtte

Her i fylket får desse pengestøtte frå Norsk kulturfond i 2017: Balejazz 200.000 kroner, Målrock 100.000 kroner og Utkant 225.000 kroner,