KJEMPA FOR NYNORSKEN: Salssjef hos Frydenbø Bilsenter AS, Geir Farsund fekk målpris av avtroppande fylkesleiar Aud Lunde. (Foto: Hallstein Dvergsdal)

Fekk målpris etter kamp for nynorsken

Sogn og Fjordane Mållag sin målpris gjekk i år til Frydenbø Bilsenter AS.

Publisert 19.03.2017 kl. 16.00.

Verksemda fekk prisen for sin strategi med nynorsk som marknadsføringsspråk her i fylket, og for at dei jamt over har eit godt språk i marknadsføringa si, skriv mållaget i ei pressemelding.


- At eit stort selskap som Frydenbø bryr seg med å annonsere på nynorsk i Sogn og Fjordane, viser at dei bryr seg om kundane sine, sa avtroppande fylkesleiar i mållaget, Aud Lunde, då ho delte ut prisen på fylkesårsmøtet laurdag.


Stor ære

- Dette er ei stor ære for oss og noko som vil bli lagt merke til både hos Frydenbø sentralt og hos Volvo, sa salssjef Geir Farsund som tok i mot prisen under Sogn og Fjordane Mållag sitt årsmøte laurdag.


Farsund kunne også fortelje at dette med å få aksept for bruk av nynorsk har hatt ein relativt lang veg å gå, men at det no er akseptert både hos Volvo og Frydenbø si konsernleiing.


- Me har måtta kjempe, men no har me begge med på laget, sa Farsund som tok prisbiletet med til Førde der det blir hengande i første omgang, før det blir sendt på omgang mellom avdelingane på Sandane og i Sogndal.


Ein av grunnane til målprisen var jubileumsmagasinet i høve Frydenbø sitt 100-årsjubileeum i fjor, og som vart gjeve ut på nynorsk i Sogn og Fjordane. Firmaet hadde også ein spesiell annonsekampanje i høve jubileet som vart lagt merke til.


Ny fylkesleiar

Fylkesleiar Aud Lunde hadde sagt frå seg attval i styret, og som ny leiar vart Hallstein Dvergsdal frå Jølster vald.


Med seg i styret fekk han Torleik Stegane frå Flora, Olaug Brekke frå Vik, Norunn Ulvedal frå Førde og Jorunn Sandvik frå Nordfjordeid. Sogn og Fjordane


Mållag har 1063 medlemmer 64 fleire enn i fjor.


 


Les meir om: Kultur Nyhende Næringsliv

Siste saker Gå til framsida