QUIZMASTER: Lokal omreisande quizmaster i Sogn og Fjordane vert Wilhelm Støylen.(Foto NRK Sogn og Fjordane)

Elevar frå Indre Sogn skal i elden i Klassequizen

Måndag denne veka starta Klasseguizen 2018 med heile 38 skular påmelde frå Sogn og Fjordane.

Publisert 12.01.2018 kl. 16.00.

Det er NRK Sogn og Fjordane som har regien på Klassequizen her i fylket, med Wilhelm Støylen som quizmaster. Han skal reisa fylket rundt for å finna dei skarpaste 10. klassingane som skal representere fylket under landsfinalen.


Denne veka har elevar frå Sande skule, Høyanger skule, Eid ungdosskule og Vågsøy ungdomsskule fått prøva seg. Så langt ligg elevane frå Høyanger best an med ti poeng.


Neste veke er det klart for lag frå fleire av skulane i Indre Sogn. Måndag laget frå Kvåle skule, tysdag laget frå Hafslo barne- og ungdomsskule og onsdag er det elevane frå Kaupanger skule som skal syna kva dei er gode for.


To lag

Nytt av året er at det vert fem TV-sendingar til slutt, mot tre sendingar i fjor. Difor kjem det i år til å vera to lag frå fylket som går vidare til dei nasjonale finalane, mot eitt tidlegare år, skriv NRK i ei pressemelding.


Reglane er som før, eitt lag per skule og tre deltakarar på laget. Begge kjønn skal vera representerte på laget.


Dei ti beste laga frå kvalifiseringsrundane går vidare til lokale finalerundar og til slutt skal alle fylkesvinnarane møtast til ein nasjonal finale. Premien er 5.000 kroner til fylkesvinnaren.


Radioen

Til liks med før kjem alle kvalifiseringsrundane til å bli sende i distriktsradioen sine sendingar på ettermiddagen. Dei store finalen blir send på fjernsynet 12. mai med Selda Ekiz som programleiar.


Det vil også bli litt ny drakt på årets konkurranse, med nykomponert musikk og nytt grafisk design.


- Eg gler meg veldig til å kome rundt og treffe ungdomar i heile fylket, Me har mange gode spørsmål på lur og eg er spent på å sjå korleis 10. klassingane klarer seg når eg kjem på besøk på dei ulike skulane, seier Wilhelm Støylen.


Han håpar at dei nye reglane med at to lag får reisa til Oslo og nasjonal finale, gjer at elevane synest det er endå meir spennande å delta.


Terminlista

I Indre Sogn skal også Tangen skule (25. januar), Farnes (26. januar), Flatbygdi (2. februar), Lærdalsøyri (12. februar), Aurland (13. feburar), Luster (16. februar), Sagatun (28. feburar) og Leikanger (1. mars) delta.


Fylkesfinalen skal gå direkte torsdag 15. mars.


Les meir om: Kultur Ung

Siste saker Gå til framsida