PÅ IS. Frå venstre: Maria Baudonnel Underdal, Brita Underdal og Anna Elise Borlaug manglar tid og motivasjon til å gå i gang med ein ny festival i 2017. - Det er utruleg mykje arbeid, så neste utgåve kjem tidlegast i 2018, seier festivalleiar Anna Elise Borlaug. (Foto: Anna Karine Marstein)

Eldsjeler tek pause

- Det er ein viktig festival for bygda, men neste år må me melda pass.

Publisert 27.12.2016 kl. 19.30.

Det seier Anna Elise Borlaug, mangeårig festivalleiar for Geitostfestivalen i Undredal.

KULTUR: Kultur av alle valørar står i sentrum under Geitostfestivalen i Undredal. Her er Sauda trekkspelklubb i aksjon under 2015-festivalen.(Foto: Arkiv)

Stølshelg

Det starta som stølshelg på Langhuso på 90-talet. Seinare har festivalen blitt samla nede i bygda og vakse seg større og større.


- Det er utruleg mykje arbeid. Planlegginga tek mykje tid, matdelen er ein veldig stor jobb og det er ein del utfordringar me må tenkja på, mellom anna parkeringa, seier Borlaug.


Manglar tid

Saman med Maria Baudonnel Underdal (matansvarleg) og Brita Underdal (marknads- føring og bandbooking) har Borlaug gått ivrig laus på arrangementsoppgåva og festivalen har dukka opp annakvart år. No blir neste utgåve tidlegast i 2018, tre år etter den førre festivalen i 2015. Årsaka er klar.


- Me har rett og slett ikkje tid og manglar i tillegg litt motivasjon. Difor blir det ikkje ny festival neste år, seier Borlaug.


Fellesskap

Men det betyr ikkje at det ikkje kjem ein ny Geitostfestival ved eit seinare høve.


- Det kjem nye festivalar. Det håpar eg, det trur eg og eg har eit håp om at nye kan koma med i festivalleiinga. Å arrangera festivalen er lærerikt og me utviklar verkeleg fellesskapskjensla, seier Borlaug.


Dei siste ti åra er det ungdomane som har styrt festivalroret.


- Me hadde lyst på ein festival og tok tak, men har ikkje gjort det åleine, me har fått mykje god hjelp og støtte for å få det til.


Stolte

Borlaug meiner det er viktig for Undredal å halda liv i Geitostfestivalen.


- Eg trur folk tykkjer det er kjekt noko skjer og eg opplever at folk er stolte over at me har klart å få det til. Det er heller ikkje vanskeleg å få folk til å stilla opp. No må me berre ta ein litt lenger pause enn tidlegare, seier Borlaug.


Utvikla

Under ungdomane si leiing har festivalen utvikla seg med ein breiare publikumsappell.


- Matdelen er viktig og me har utvikla denne gjennom konkurransar kring osteproduksjonen og geitehaldet. Og Geitedritarbingoen me lanserte i 2015 vart ein kjempesuksess. Dei to siste festi- valane har me lagt inn turar med høgdegardskonsertar, seier Borlaug.


- Når kan den neste geitostfestivalen gå av stabelen, trur du?


- Kanskje i 2018, men eg kan ikkje garantera det, seier Borlaug.


Les meir om: Kultur Aurland