TRADISJON: Kari Malmanger, Gunn Marit Kvåle og Einar Bolstad er også i år på konsertturné i Sogn. Premieren var i Leikanger kyrkje måndag. (Foto: Renate Sæle)

Dryssar julestemning over Sogn

Julesong 2017 er i gang, først ute var Leikanger kyrkje.

Publisert 05.12.2017 kl. 10.26. Oppdatert kl. 12.32.

Stort repertoar

- Det vanskelegaste er å velja vekk songar, det er mange å ta av, seier Inge Ronny Kvåle.


Han er ein av dei som gjer Julesong til ein årviss tradisjon. Første konsert ut i år var for ei nær fullsett Leikanger kyrkje måndag.

GOD STEMNING: Artistane fekk gode tilbakemeldingar frå publikum. (Foto: Renate Sæle)

Årviss tradisjon

Vokalistane Kari Malmanger, Einar Bolstad og Gunn Marit Kvåle stiller også i år, Inge Ronny Kvåle trakterer gitarar, Bjørn Tore Årøy piano og John Tore Askeland bass. Alle har lokal tilknytning.


- Me jobbar mest på kvar vår tue. Siste veka før første konsert møtes me og arbeider oss gjennom repertoaret, forklarer Kari Malmanger.

SIKKER VINNAR: Einar Bolstad framfører O Helga Natt også under årets utgåve av Julesong. (Foto: Renate Sæle)

Ni konsertar

I kveld står Hauge kyrkje i Lærdal for tur, onsdag er det Gaupne kyrkje før tre utselde konsertar i Kulturhuset i Sogndal i helga. På kulturhuskonsertane er også Tone Damli Aaberge med.


Deretter kjem Julesong til Dale kyrkje måndag, Vik kyrkje tysdag og Årdal kulturhus onsdag neste veke.


Les meir om: Kultur Leikanger Musikk

Siste saker Gå til framsida