HALLING: Norsk halling, her representert ved dansaren Vidar Underseth og spelemannen Sigmund Eikås, får ein sentral plass på Førdefestivalen 2018. (Foto: Knut Utler)

Denne sommaren skal det dansast i Førde

Førdefestivalen 2018 set søkjelys på dans og dansemusikk.

Publisert 15.12.2017 kl. 14.29.

«Dansen i musikken - musikken i dansen» er tema for årets festival.


- Til sommaren skal det handla om dans. Når me inviterer til den 29. Førdefestivalen, 4.-8. juli, skal det dansast meir enn nokon gong, seier direktør Hilde Bjørkum, og legg til at innan folkemusikken er dansen nær knytt til musikken.


- Det gjeld mest for alle land over heile verda. I nokre kulturar er det ikkje eingong ulike ord for musikk og dans, det finst berre eitt uttrykk som dekkjer begge delar. Me ynskjer å sjå nærare på denne tette samanhengen og oppskatta den gode dansemusikken og alle dei flotte danseuttrykka som finst, både i vårt eige land og internasjonalt.

DANSAR: Festivalsjef Hilde Bjørkum har tre norgesmeistertitlar i folkedans, og kan skilta med Kongepokal frå Landskappleiken i 1989. (Foto: Arve Ullebø)

Ta dansen i bruk

Førdefestivalen ønskjer å inspirera til å ta dansen i bruk.


- Me ynskjer rett og slett å oppmoda fleire til å kjenna gleda ved å dansa til levande musikk av drivande gode dansemusikarar, seier den danseglade direktøren, som sjølv har tre norgesmeistertitlar i folkedans, og kan skilta med Kongepokal frå Landskappleiken i 1989.


Ny danseproduksjon

I ein heilt ny norsk danseproduksjon, Dei gamle er eldst, heidrar festivalen dansemeistrar som har lært opp nye generasjonar i halling, springar og andre danseformer.


- Det blir fantastisk å sjå hallingdansarane Martin Myhr, Ingar Ranheim, Rolf Bjørgan, Dagfinn Krogsrud, Vidar Underseth og Dag Hamre i aksjon på ei og same scene, seier Bjørkum.


Musikarane i denne produksjonen er av den yngre garde, nemleg Sivert Holmen og Tuva Syvertsen. Dei gamle er eldst er produsert av Villniss Dansekompani, i samarbeid med Førdefestivalen, Hilmestemnet og Riksscenen. Koreograf er Silje Onstad Hålien, sjølv kjend dansar i eliteklassen i Norge.


 


Internasjonal temakonsert

- Opningskonserten torsdag 5. juli, vert som vanleg vigd temaet på festivalen, så her får publikum både sjå heftig dans og høyre dansemusikk både frå Europa, Amerika og Asia, i tillegg til våre lokale musikk- og dansetradisjonar, fortel direktøren.


På opningskonserten får publikum òg oppleva musikk og dans innan Bharatanatyam-tradisjonen frå det sørlege India.


Frå Italia kjem Canzoniere Grecanico Salentino, representantar for den heilt spesielle pizzica tarantata-tradisjonen frå Salento i Puglia


Vidare blir det kanadisk steppdans med Nova Scotia-søstrene Cassie & Maggie MacDonald.


Både Cassie og Maggie og andre dyktige dansarar blir òg å finne blant årets kursinstruktørar - for sjølvsagt står det fleire dansekurs på programmet for neste års festival, heiter det i ei pressemelding.


Gamaldans

Musikarane som aller først vart klare for Førdefestivalen 2018, er gamaldansgruppa Lendmenn, som med sin dansemusikk frå Ottadalen vann gruppespelet på Landsfestivalen i gammaldans i 2017.


- Dansespel på Førdefestivalen året etter inngår som ein del av premien for dei som vinn denne klassen, og me er meir enn klare til å yta vårt aller beste for å «yppa» til dans på sommarens festival, seier Øyvind Sandum i Lendmenn.


Førdefestivalen vil utover vinteren presentera ei rekke artistar på programmet både av temaartistar og utanom festivaltemaet. Fullstendig festivalprogram vert presentert i mars 2018.


Les meir om: Kultur Festival Musikk

Siste saker Gå til framsida