INVASJON: Sogn og Fjordane teater lovar at publikum vil bli engasjerte undervegs i teaterstykket Invasjon! (Foto: Sogn og Fjordane teater)

Byr på politisk satire og kleine sjekkereplikkar

Tysdag kjem dei til Vik, før ferda går vidare til Sogndal og Årdal.

Publisert 06.11.2017 kl. 15.32.

- Eg kan lova at folk vil få seg nokre overraskingar undervegs, seier informasjon- og marknadssjef Lene Grande.


Ho vil ikkje røpa for mykje, men kan seia at dei undervegs på turneen har opplevd at publikum har blitt så engasjerte at dei har storma opp på scena.


Humor

I framsyninga Invasjon! invaderer ein ungdomsgjeng teateret, og humoren til ungdomane skyt i alle retningar.


Både politikarar, media, lærarar og velmeinande akademikarar er blant dei som får gjennomgå. Her er det flust med politisk satire, fysisk komedie, kleine sjekkereplikkar og flaue historier. Resultatet er ein eksplosjon av ei framsyning som framkallar både latterkuler og klump i halsen.


Skjeringspunkt

- Invasjon! er ei samling med historier om menneske som lever i kulturelle skjeringspunkt, som verken er norske nok eller utanlandske nok til å kunne setjast i bås. Publikum får sjå korleis ungdomane nyttar språket som våpen i ein dagleg kamp mot stereotypiar og heksejakt, seier regissør Frode Gjerløw i ei pressemelding frå teateret.


Jonas Hassen Khemiri sin karusell av ein teatertekst set kampen mellom tillit og fordøming i sving og stiller velplasserte spørsmål om fryktretorikk og framandskepsis i eit multikulturelt samfunn. Khemiri sin leikande stil, der språk og identitet er i konstant rørsle, har vakt merksemd og engasjement hos eit breitt teaterpublikum i inn- og utland.


I ei tid der positive og interessante opplevingar av kulturell krysning står i skuggen for ein meiningslaus innvandringsdebatt, ønskjer eg å rette søkjelyset mot dei historiene som me ikkje høyrer like ofte, seier Gjerløw. - Eg håpar også at Invasjon! kan vera med på å ufarleggjera samspelet mellom kulturar og vera ein motsats til fryktretorikken som vart nytta under den norske valkampen, avsluttar Gjerløw.


Invasjon! hadde premiere i Førdehuset 14. oktober. No er Sogn og Fjordane teater på turné. Måndag vitjar dei Høyanger, tysdag er dei Vik, onsdag i Sogndal og fredag i Årdal.


Invasjon! vert også spelt i Den kulturelle skulesekken vert også spelt for 700 elevar i Sogndal, Årdal, Høyanger og Fjaler sjå framsyninga.


Les meir om: Kultur Sogndal Vik Årdal

Siste saker Gå til framsida