HAUSTNYTT: Forlagssjefen Simone Stibbe, marknadssjef Åsta Urdal og forlagsredaktør Lars Nes i Skald har nett sleppt årets haustliste frå forlaget. (Foto: Sigrid Nese)

Byr på kortreist mat, stein og twitterpoesi

Skald satsar denne hausten på det kortreiste, det nære og dei gode kvalitetane.

Publisert 22.09.2017 kl. 21.00.

Forlaget Skald har sleppt haustlista si, og i år handlar fleire av bøkene om det me har rundt oss, det som alltid har vore der, kvardagen og den enkle filosofien, skriv forlaget i ei pressemelding.


Det nære

- Kan de tenkja dykk å gje ut ei kokebok om kortreist mat som er lett å laga i kvardagen? spurde Anders Totland ein vårdag.


- Godt mogleg, om konseptet fungerer, svara forlagssjefen Simone Stibbe i Skald.


Dagen etter låg første utkast klart i innboksen. Totland er journalist, organist, småbarnsfar, hagebonde og forfattar, men han er òg utdanna kokk. Saman med fotografkollega Marius Knutsen har dei vidareutvikla matspalta dei har i avisa Sunnhordland til kokeboka «DIGG - Gjer kvardagen til ein fest».


- Me ynskjer å inspirera til å redusera matsvinn. Me har både restetips til oppskriftene og eit eige kapittel om restemat i boka, samstundes som me gir råd til matauk i ein eigen bolk med oppskrifter frå hage til mage, fortel Anders Totland.


Stein og tre

Duoen bak salssuksessen «Norges låver», Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth, har denne gongen teke for seg byggverk av stein i boka med tittelen: «Av stein». Her viser forfattar og fotograf milevis av steingardar, vakre veganlegg, små og store steinhus reist av forfedrane våre.


- Dei gamle murane fortel om levemåten den gongen då stein var ein av dei få ressursane mange bønder hadde rikeleg av. Dei fortel om slit, strev og tunge tak og om eit handverk som skapte byggverk som me enno både beundrar og undrar oss over, seier forfattar Eva Røyrane.


Forfattar og fotograf Lisbeth Dreyer bokaktuell med «Fortellinger om trær». Dreyer har reist landet rundt med kamera og penn på jakt etter tre som kan fortelja oss noko.


- Det er umogleg å reisa gjennom Noreg utan å sjå tre. Dei er som gamle vener, seier Lisbeth Dreyer, og innrømmer at arbeidet med boka har gjort noko med ho.


- Det skjer noko heilt eige når ein står under eit tre, noko uforklarleg og magisk.


Hjartet i fatle

Twitterpoeten Magne Velle har han samla dei beste tekstane sine i den vesle gåveboka «Med hjartet i fatle».


- Eg skriv så kort som eg kan, og målet er at ettertanken skal verta lenger enn teksten, seier Magne Velle.


Per Ragnar Møkleby akkompagnerer det heile med fargesterke illustrasjonar.


- I denne sjangeren finst det lite på nynorsk, opplyser forlagsredaktør Lars Nes.


Bokklubb

Skald held fram med den kritikarrosa verdsklassikarserien, og denne hausten er det Gustave Flauberts verdskjende «Madame Bovary» og Robert Musils «Tre kvinner» som kan flotta seg i flunkande ny nynorsk språkdrakt, omsett av Margunn Vikingstad og Øystein Vidnes.


Nytt av året er at Skald har starta landets einaste nynorske bokklubb for denne serien.


- Medlemstalet er stadig stigande, og abonnentane får bøkene som dei første i landet rett i postkassa, opplyser marknadssjef Åsta Urdal.


Ferskpressa og i god tid før halloween kjem grøssaren «Reisa til verdas farlegaste land» i bokhandelen. I haustlistas einaste bok for born har Simen Hagerup gjendikta Malte Perssons rim og vers som blant anna fortel om spøkjelsesslott og svoltne sjøormar. Som ei tivolireise med spøkjelsestoget kan me med skrekkblanda fryd bla oss frå rom til rom, der illustratør Rui Tenreiro har måla fram både rufsete prinsesser og gretne troll, heiter det i pressemeldinga frå forlaget.


I Liv Helene Willumsensen si «Kilder til trolldomsprosessene i Finnmark», får me eit innblikk i 1600-talets skjebne for dei menn og kvinner som vart skulda for trolldom og brende på bålet.


- Variert

Skald har berre 15 utgjevingar i året.


- Me er nøgde med årets samansetjing, seier Stibbe, som meiner dei på årets haustliste har fleire potensielle bestseljarar.


Les meir om: Kultur Leikanger Litteratur

Siste saker Gå til framsida