KONSERT: Fjellsportfestivalen har konsertar med Valkyrien og Staysman & Lazz (biletet) på programmet. (Pressefoto)

Artistar klare for festival

Fjellsportfestivalen har presentert to band som skal spela under festivalen, fredag og laurdag.

Publisert 17.02.2017 kl. 13.33.

Først ut er Valkyrien som står på scena på Sogndal hotell fredag 24. februar. Då skal Tuva og hennar crew skapa stemning med ein god miks av moderne rock og folkemusikk.


Laurdag 25. februar kjem Staysman & Lazz på scena. Staysman & Lazz var ein av fjorårets aller mest streama artistar og har fleire millionar avspelingar med hitar som «Tårnet til Carlsen» og «En godt stekt pizza».


Les meir om: Kultur Sogndal