SLEPPER PLATE: Julie Bergan slepper plate same veka som det vert kjent at ho kjem til Lærdal i sommar. (Pressefoto: Stephen Butkus)

Arrangørane jublar over å ha sikra seg Julie Bergan

Julie Bergan er klar for Jordeplerock 2018.

Publisert 29.01.2018 kl. 20.05. Oppdatert kl. 21.30.

- Dette er for oss ei stor nyheit å dela, då Julie Bergan dei siste åra har profilert seg som ei av Noregs største popartistar. Ho har trufaste publikumarar over heile landet, og me trur ho vert godt motteke i Lærdal til sommaren og at sogningane vil gleda seg over nyheita med oss, seier Torgeir Skjerdal, marknadssjef for Jordeplerock.

GLER SEG: Torgeir Skjerdal, marknadssjef for Jordeplerock, trur det blir god stemning på konserten med Julie Bergan. (Arkivfoto)

Plate

Bergan slepper sitt første album denne veka.


- «Guilt trip» har allereie har vorte slept som ein «teaser» og har i løpet av sine første dagar ute gått rett inn på topplistene på Spotify. Det er alltid kjekt når Jordeplerock-aktuelle artistar er i medvind og får nasjonal merksemd, seier Skjerdal, og legg til det som nok er den største hiten til Julie Bergan, Arigato, har hatt over med 72 millionar strøymingar på Spotify.


- Får frysningar

- Tenk deg stemninga når Julie Bergan syng «Arigato» på Jordeplerock, eg får frysningar berre av tanken. Ho er eit friskt pust i norsk musikkbransje, og definitivt eit friskt pust for oss i Jordeplerock, som er superglade for å ha ho på plakaten til årets festival, seier Skjerdal.


Han håper programmet for årets Jordeplerock vil treffa eit breitt publikum.


- God respons

Arrangørane har tidlegare fortalt at bandet Rotlaus kjem til festivalen i sommar.


- Me har fått enormt god respons etter at me sleppte første bandet, seier Skjerdal.


Årets utgåva av Jordeplerock finn stad i Lærdal 29. og 30. juni


Les meir om: Kultur Festival Lærdal Musikk

Siste saker Gå til framsida