SIKRING: Eit sikringsnett er på plass ved Finnsåstunnelen.

Sikringsarbeidet held fram enno ein månad

Sikringsarbeidet på fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen blir truleg ferdig i løpet av mars.

Publisert 13.02.2018 kl. 07.36.

Det opplyser Stetens vegvesen.


Eit sikringsgjerde er no på plass for å hindra småstein å ramla ut i vegbana. Dette vil føra til at det blir meir flyt i trafikken også ved dårleg vêr.


Også denne veka vil det bli stendg med ujamne mellomrom i løpet av dagen mellom klokka 08.00 og 17.00.


Det vil elles bli manuelle dirigering ved Stedjebergtunnelen på riksveg 55 på grunn av vedlikehaldsarbeid. Folk må rekna med ei ventetid på 20 minuttar.


Siste saker Gå til framsida