SAMLA SEG: Gruppeleiarane Jakob André Sandal frå SV, Åsgeir Reknes, Sp, Åshild Kjeldsnes, Ap og Trude Brosvik, KrF satsar på nytt vedtak i Stortinget på regionreforma.

Set si lit til Stortinget på regionreforma

Fylkestinget vedtok, mot åtte røyster, å satsa på ei reversering av regionreforma.

Publisert 17.10.2017 kl. 17.40.

Det var gruppeleiar Sigurd Reknes, Sp, som tok opp framlegget etter gruppemøte mellom Arbeidarpartiet, SV, KrF og Senterpartiet. Bakgrunnen er at det er varsla eit forslag på stortinget som går på reversering av regionreforma.

- Dersom Stortinget vedtek å løysa opp regionar som er vedtekne slått saman, vil Fylkestinget at Sogn og Fjordane held fram og vert vidareutvikla som eige fylke.

Det vart ein til dels livleg debatt, der ymse karakteristikkar vart tekne i bruk.

Høgre, Frp og Venstre røysta imot framlegget.

Sjå meir i papirutgåva av Sogn Avis torsdag.




Siste saker Gå til framsida