Skuggen i fjellsida vert på folkemunne kalla Mordølekatten. Biletet er teke med mobilkamra frå Bringebakkane i Luster. (Foto: Astrid Skare Martinsen)

Ser du katten?

Eit svært spesielt fenomen dukka opp i fjellet på sørsida av Lustrafjorden 2. november.

Publisert 07.11.2017 kl. 09.00.

- Eg har berre høyrt om denne «Mordølekatten», men aldri sett han før, seier Astrid Skare Martinsen.


Ho bur i byggjefeltet Bringebakkane i Luster, og kika ut stoveglaset då ho oppdaga skuggen i fjellsida.


- Eg treiv mobilen og gjekk ut på verandaen for å ta bilete. Så gjekk eg inn for å henta skikkeleg kamera, men då eg kom ut att så var den allereie byrja å flyta ut.


Martinsen la biletet ut på Facebook, og der kommenterer fleire at dei har sett den før. Men den dukkar berre opp ein dag eller to i året i nokre minutt, og då berre om det er klårvêr. Sidan den dukkar opp ved sidan av Mordølefossen, vert den altso kalla Mordølekatten. Og sjølv om Martinsen har budd i Bringebakkane i fleire tiår, har ho aldri sett den før.


- Det lyste til og med i augo på katten, så eg har nok vore heldig og kika ut på akkurat rett tidspunkt.


No kjem ho til å følgja nøye med neste år for å sjå om katten dukkar opp att.


Les meir om: Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida