Sentrumsnære turvegar skal under lupa

Kartverket har tildelt fylkeskommunen 100.000 kroner til kartlegging av sentrumsnære turvegar i elleve kommunar i fylket.

Publisert 18.05.2018 kl. 06.32.

Det som skal kartleggjast er tilgjengelegheit og universell utforming av desse turvegane, og karlegginga skal utførast i august/september i år. I samråd med dei aktuelle kommunane.

Kommunane det skal kartleggjast i, er Balestrand, Eid, Flora, Gaular, Gulen, Hornindal, Høyanger, Jølster, Leikanger, Stryn og Årdal. Ein skal sjå på no-tilstanden på sentrumsnære turvegar, og finna potensial for å gjera vegane betre og meir tilgjengelege.

I 2013 vart det gjennomført ei tilsvarande kartlegging i dei 15 andre kommunane i fylket. Når kartlegginga i dei 11 siste kommunane er gjennomført, vil ein dermed ha eit fullstendig bilete av tilgjenget på sentrumsnære turvegar i heile fylket.

- Målet med ei slik kartlegging er å setja merksemd på utvikling av sentrumsnære turvegar som alle kan nytta seg av. Dette vil kunne bidra til at fleire kjem seg ut og i aktivitet, seier Frank Tore Farsund Tveit i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ein rapport om kartlegginga vil vera klar i oktober i år.