KONTROLL: Konstaterte brot på køyre- og kviletida førte til krav om foretakskontroll hjå ei transportverksemd etter kontrollen på Håbakken natt til onsdag. (Arkivfoto)

Sender krav om foretakskontroll

Eit transportfirma kan venta seg besøk av foretakskontrollørar etter trafikkontrollen på Håbakken natt til onsdag.

Publisert 30.08.2017 kl. 06.21.

Vegvesenets kontrollørar fann ulike avvik i høve køyre- og kviletida hjå eit transportforetak under ein kontroll på Håbakken natt til tysdag. Sopass til avvik at det blir sendt krav om foretakskontroll hjå verksemda etter denne kontrollen.


Fire gebyr

I den same kontrollen vart det oppdaga ei trekkvogn med nedslitne dekk på drivaksel. Dette resulterte i at sjåføren fekk med seg fire dekkgebyr frå kontrollen.


Ein semitrailer hadde tekniske manglar på bremsene, noko som enda med utskriving av mangellapp. 


For eit anna køyretøy enda kontrollen med krav om avskilting, då eigaren ikkje hadde framstilt køyretøyet for kontroll.


Siste saker Gå til framsida