LEITEAKSJON: Politiet og frivillig mannskap frå Luster og Lom leitar i morgontimane måndag etter ein mann som ikkje kom fram til Sognefjellshytta (biletet) søndag kvel. Mannen skulle gå dit frå Nørstedalsseter. (Arkivfoto)

Sakna mann funnen

Mannen som vart meldt sakna då han ikkje kom fram til Sognefjellshytta søndag, er funnet i god behold.

Publisert 17.07.2017 kl. 07.06. Oppdatert kl. 15.13.

Politiet melder like før klokka 14 at mannen er funnen i god behold.


- Han vart funnen 1,5 kilometer vest for turstien han skulle gå på. Det er vore dårleg vêr i området, med tett tåke, regn, sludd og vind, fortel Sissel Svarstad på operasjonsentralen til politiet i innlandet.


 Den 68-årige mannen frå Buskerud skulle gå frå Nørstedalsseter i Luster til Sognefjellshytta på opplandssida av Sognefjellet søndag. Då han ikkje kom fram til avtalt tid, vart politiet varsla. Og det vart sett igang leiteasjon etter mannen. Mannen vart funnen 5-6 kilometer i luftline frå Sognefjellshytta.


Kring 50 personar har vore med i leiteaksjonen, som har gått føre seg under dårlege vêrtilhøve, skriv politiet på Twitter-loggen.


- Me har søkt med frivillig mannskap både frå Lom og Luster i heile natt. Vêret i fjellet har vore utfordrande, med både sludd, regn, vind og skodde, sa operasjonsleiar Arne Norevik i Innlandet politidistrikt måndag morgon.


Han fortalde at dei samarbeidde med politiet i Sogn og Fjordane, mellom anna for å få sendt ut frivillg mannskap frå Luster.


- Godt samarbeid

Klokka 6.45 måndag hadde ikkje leiteaksjonen ført til at mannnen vare funnen. Operasjonsleiar Norevik fortalde at leitinga ville halda fram utover dagen, og han håpa at skydekket i fjellet vil letta. 


- Me håpar på betre sikt der oppe, slik at me kan setja inn helikopter i leitinga etter den sakna, seier han.


Men i ni-tida opplyste politiet at helikoptersøket var innstilt på grunn av dårleg sikt og at frivillige og redningshundar søkte i og rundt merka sti på strekninga.


Sissel Svarstad i politiet seier dei er glade for at aksjonen fekk eit positivt utfall, og rosar samarbeidet med dei frivillige frå Røde Kors, Norske redningshunder og Sivilforsvaret.


- Det har vore eit veldig godt samarbeid mellom dei frivillige frå Sogn og politiet.


Les meir om: Nyhende Luster Politi Uvêr

Siste saker Gå til framsida