FULL ALARM: Også Norske Redningshundar var på plass klare for å gjera nødvendige søk. (Foto SA-tipsar)

Rykte ut til mogleg skred ved Togga- aksjonen er avslutta

Slo full alarm då meldinga kom om mogeleg snøskred ved Togga i Sogndalsdalen.

Publisert 11.02.2018 kl. 12.42. Oppdatert kl. 15.51.

Siste: Aksjonen er avslutta. Noko konkret skreområde er ikkje definert. Ingen personar er sakna.  Det melder politiet på twitter klokka 14.20.


- Me har vore i kontakt med eigarane av alle dei ni bilane som står parkerte i området. Alle er gjort greie for. Ingen er sakna, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt til Sogn Avis klokka 13.50.


Like etter klokka 14 stadfestar operasjonsleiar Tatjana Knappen at dei har avslutta aksjonen.


- Det er ikkje lokalisert noko skred, så det er ikkje noko utgangpunkt for å leita, seier ho.


Klokka 12.21 fekk politiet melding om eit mogeleg snøskred på Togga i Sogndalsdalen. Alle naudetatar rykte ut.


Vedkomande som varsla har ikkje sett det, men høyrd buldringa.


Varslingar er gjort og politiet er på veg til staden.


Fjellet Togga er ein mykje nytta utfartsstad for laussnøkøyrarar i Sogndalsdalen. Fjelletområdet ligg i nærleiken av riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland.


Operasjonsleiar Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt opplyser til NRK Sogn og Fjordane like før klokka 13 at situasjonen framleis er uavklart og at dei sjekkar ut i høve til bilar på parkeringsplassen.


I halvannan time var situasjonen uavklart.


Skredgruppa frå Sogndal vart kalla ut, det same vart mannskap og hundar frå Norske redninghunder og hundeekvipasjar frå politiet i Bergen. Desse vart snudd då aksjonen vart avslutta like over klokka 14.

Foto: SA-tipsar


Røde Kors vart også utkalla. (Foto SA-tipsar)

Les meir om: Siste Nytt Nyhende

Siste saker Gå til framsida