Rv. 13 over Vikafjellet blir ikkje opna att onsdag

Publisert 24.01.2018 kl. 06.19. Oppdatert kl. 11.16.

Like før midnatt natt til onsdag melde Statens vegvesen at riksveg 13 over Vikafjellet vart stengd grunna snøskred.


I 9-tida onsdag melder vegvesenet at vegen ikkje bli opna i dag. Det blir ny vurdering klokka 10 torsdag.


PÅ dei andre fjellovergangane i Indre Sogn er vêr- og føretilhøva slik onsdag morgon:


E16 Filefjell: Snø- og isdekke. Klokka 05:45 var det minus 0 grader, laber bris og snø.


RV. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke og stadvis redusert sikt. Store køyretøy bør bruke kjetting, kolonnekøyring kan innførast på kort varsel. Klokka 07:00 var det minus 1 grad, laber bris og snø.


Fv. 50 Aurland-Hol: Stadvis redusert sikt, snø- og isdekke. Kolonnekøyring kan innførast på kort varsel. Klokka 05:30 var det minus 2 grader, frisk bris og lette snøbyger.


Fv. 53 Årdal-Tyin: Snø- og isdekke, stadvis redusert sikt på grunn av snøfokk. Klokka 05:30 var det minus 2 grader, frisk bris og kraftige snøbyger.