Rusa jente rota seg vekk - måtte få hjelp av politiet

Publisert 21.10.2017 kl. 09.13.

Klokka 02.17 natt til laurdag måtte politiet hjelpe ei jente som rota seg vekk i Sogndal.


Politiet skriv at den rusa jenta banka på feil hus og politiet måtte hjelpe henne og finne personane ho leitte etter.


Ein time tidlegare på natt fekk politiet melding om at ein ung mann skapte ordensproblem på ein utestad i Sogndal. Vedkommande hadde stukke frå staden då politiet kom.


Elles kan politiet melde om ein person som prøvde å komme seg inn på utestad i Sogndal med falsk legitimasjon og ein bilførar som fekk mangellapp på grunn av feil på lysa. Også det i Sogndal.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Politi

Siste saker Gå til framsida