ROLLEBYTE: Ole Magnar Nundal held fram i styret, men overlet roret til Torunn Todal Labrg i stiftinga Utladalen Naturhus.

Rollebyte i naturhuset

Torunn Todal Laberg har teke over som styreleiar i stiftinga Utladalen Naturhus etter Ole Magnar Nunddal

Publisert 20.04.2017 kl. 06.14.

Nundal, som har vore styreleiar i 10 år, tykkjer det er greitt at yngre krefter slepp til no. Han ser det også som positivt at Laberg kjem frå reiselivet.


Viktig

- Det er viktig at naturhuset finn sin plass innan reiselivet. Dei aller fleste set pris på dette området, men dete er ikkje sikkert alle skjlnar kor viktig det er at nokon held skogen nede slik at gardane og terrenget atår fram slik dei gjorde då gardane var i drift. Det er veldig godt gjort, for å seia det på den måten.


Store sko

Laberg sjølv meiner dte er stor sko ho skal fylla når ho no tek over som styreleiar.
- Men det er godt å ha med Ole Magnar på laget vidare sidan han held fram i styret. Utladalen er eit satsingsområde for reiselivet. Her i naturhuset finn folk all den informasjonen dei treng om dalen. Her eer også eit fint utgangspunkt for aktivitetar, formidling og opplevingar. Dette gjeld ikkje berre tilreisande, men sjølvsagt også lokalbefolkinga. Eg elskar Utladalen og ser det som viktig at den jobben som er gjort her, blir ført vidare på ein god måte, seier Laberg, som ser eit potensial for heilårsdrift i dalen. I dag er det drift i sommar- og haustsesongen.


Siste saker Gå til framsida