FRISPARKSPESIALIST: Ørjan Hopen, her på ei Sogndal-trening, har ein frykta venstrefot. No skal 25-åringen skyta FOVU opp i 3. divisjon. (Arkivfoto)

Ørjan Hopen klar for 4. divisjonsklubb

Sogndølen med den frykta venstresleggja går frå Skeid til Funnefoss/Vormsund i Akershus.

Publisert 07.11.2017 kl. 18.25. Oppdatert kl. 18.32.

- Eg vil trappa ned og ønskjer å spela ein plass der det ikkje er så seriøst, seier 25-åringen.


Han har denne sesongen spelt under Tom Nordlie i Oslo-klubben, men i august sa han takk for seg.


- Eg hadde det suverent i Skeid, og med ein nydeleg gjeng, men no får eg kosa meg og slappa meir av.


- God erfaring

Hopen har spelt 10 år på dei tre øvste nivåa i norsk fotball med mellom anna Sogndal, Levanger og Skeid. No er målet å skyta FOVU opp til 3. divisjon. 


- Hopen har god eliteserieerfaring. Han har spelt over 100 kampar på øvste nivå i Noreg, seier FOVU-trenar Ørjan Heiberg til raumnes.no.


Han reknar med at FUVO blir å sjå som favorittane kommande sesong. Laget hans rykte i år ned frå 3. divisjon på dårleg målskilnad.


- Alle i 4. divisjon er nok veldig innstilt på å slå oss, men me skal opp eitt hakk på fleire område neste sesong, seier Heiberg til avisa.


Les meir om: Sport Fotball Sogndal

Siste saker Gå til framsida