Torsdag 13. september kjem Riksteatret til Sogndal Kulturhus. (Foto: Erik Berg / Riksteatret)

Riksteatret til Sogndal med Tung tids tale

Førde-forfattaren Olaug Nilssens kritikarroste roman «Tung tids tale» har blitt teater.

Publisert 10.09.2018 kl. 20.29.

Torsdag 13. september kjem Riksteatret til Sogndal Kulturhus.


Olaug Nilssen fekk Brageprisen og vart nominert til Ungdommens kritikarpris for romanen «Tung tids tale». No er den kritikarroste boka sett opp som teater i regi av Riksteatret.


«Olaug Nilssen er ein av våre mest vitale og engasjerte forfattarar, med ein både skarp og inderleg penn», skriv riksteateret i ei pressemelding.


Tung tids tale er ei sterk historie om å vera foreldre til eit autistisk barn. 


«Daniel er tre år, og foreldra gler seg over kor flink han er til å syngje. Men så sluttar snakkinga. Latteren vender seg innover. Den vesle guten forandrar seg. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gje han den omsorga han treng. Mødrer skal aldri gje opp, blir det sagt, men når må de godta at ingenting blir som det var?»


Førestillinga har hausta svært gode kritikkar etter premieren. 


«Tung tids tale ingen heltehistorie. Det er ein kjærleikshistorie. Om ein mors kjærleik og kamp for et barn som er annleis. Skrevet med både humor, sinne og varme. Om ein mor som må gje så mykje meir kjærleik enn ho kan få. Om ein mor som møter ein tyngre tid enn ho visste fanst. Midt i Norge, midt i livet, midt i kvardagen til folk», skriv Riksteateret i ei pressemelding.


Les meir om: Kultur Nyhende Sogndal