Bjørn Helge Riise har skrive under for Sogndal Fotball og blir verande ut 2018-sesongen. (Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball)

Riise klar for Sogndal

Sogndal Fotball og Bjørn Helge Riise er samde om ein avtale som i første omgang strekkjer seg ut sesongen 2018.

Publisert 15.08.2018 kl. 23.26. Oppdatert kl. 23.45.

Det har vore ein hektisk dag på Fosshaugane Campus onsdag. 


Først signerte Trond Olsen (34), og berre ein time før overgangsvindauga stengde kunne Sogndal Fotball presentera dagens andre nykomar, då Bjørn Helge Riise (35) vart klar for klubben.


Sunnmøringen gav seg i Aalesund med umiddelbar verknad tidlegare på dagen.


- Ut frå situasjonen min slik den har blitt og at kontrakten ikkje blir fornya, så hadde det blitt lite speletid på meg. Som fotballspelar ønskjer du å bidra og spela så mykje som mogleg, og det hadde eg ikkje fått no slik eg ser det. Da ønskjer eg å terminera kontrakten, slik at eg får moglegheiter til å spela foball og bidra slik eg ønskjer i ein anna klubb, seier Riise til Aalund sine heimesider.


Riise har litt av ein CV å sjå tilbake på. 35-åringen har vore innom Standard Liège, FC Brussel, Lillestrøm, Fulham, Sheffield United, Portsmouth og Aalesund. I sistnemnde klubb fekk han 62 kampar og noterte seg for fire scoringar.


- Me fekk vita at Bjørn Helge kunne bli ledig på marknaden, og me valde å sjekka opp moglegheitene for å henta han til Sogndal. Me er veldig glade for at Bjørn Helge blir med oss ut 2018, seier sportsleg leiar Håvard Flo til Sogndal Fotball sine nettsider.


- Bjørn Helge er veldig profesjonell, og hans erfaring og leiareigneskaper vil vera av stor verdi i vårt unge mannskap, legg Flo til.


Vidar Vadseth, leiar i Saftkokaradn, har sans for signeringane av dei to veteranane på overgangvindaugas siste dag.


- Eg tykkjer det er heilt konge. No blir det skikkeleg temperatur og trøkk på treningane, seier han.