Samlagsmeisterskapen i skifeltskyting

Publisert 16.03.2010 kl 10:42 Oppdatert 16.03.2010 kl 10:42

Tips ein venn på e-post:


Norum Skyttarlag arrangerte samlagsmeisterskap i skifeltskyting søndag 7. mars.

Skifeltskyting er nesten det same som skiskyting. Den største skilnaden er at ein får ha våpenet på standplass, og at ein skyt på figurar istaden for sjølvanvisarblinkar. Etter at ein er ferdige med både skyting og langrenn får ein resultatet av skytinga. Kvar bom gir eit minutt tillegg i tid når ein har sprintdistanse, slik som me arrangerte. Grunnen til at me har sprintdistanse er at flest mogleg skal kunne vere med for å delta, samtidig som det er enklare å arrangere.

Norum Skyttarlag har arrangert samlagsmeistarskapen i skifeltskyting mange år på rad no, og tal deltakarar har vore stigande heile tida. I år deltok 51 deltakarar, noko som er rekord så lenge det har vore arrangert i Øvstedalen.

Nytt av året var at me hadde ei eiga klasse for dei aller yngste, dei som treng «støtte» for å skyte. Det vil sei at dei får legge geveret nedpå ein bukk eller likande mens dei skyt. Denne klassa hadde heile elleve deltakarar, og det var stor innsats og idrettsglede blant dei.

Klassevinnarar:

Rekrutt: Helene Vikøren, Farnes Skyttarlag

Eldre Rekrutt: Marte Erfjord, Hafslo Skyttarlag

Junior: Stian Andre Fossøy, Leikanger Skyttarlag

Skyttarklasse: Olav Tiemann Hegg, Hegg Skyttarlag

Skyttarklasse 2: Johannes Bårdgard, Norum Skyttarlag

ADK: Janne Humlestøl Njøs, Leikanger Skyttarlag

ADM: Bjørn Indrebø, Farnes Skyttarlag

Deltakarar Aspirantklasse:

Ingrid Alpen, Norum Skyttarlag

Kristine Erfjord- Hafslo Skyttarlag

Ida Nornes, Norum Skyttarlag

Helene Venes, Norum Skyttarlag

Håvard Sanden, Norum Skyttarlag

Renate Venes, Norum Skyttarlag

Birte Borlaug, Norum Skyttarlag

Thomas Sanden, Norum Skyttarlag

Jonas Øyre, Norum Skyttarlag

Ragnhild Tyssebotn, Norum Skyttarlag

Eirik Indrebø, Farnes Skyttarlag

Mest lese no

...

Kalven hadde dagen

Nyhende Den forkomne hjortekalven var på rett stad til rett tid. Les meir

...

– Årdal FK kan verta oppløyst

Sport Årdal FK-leiar Geir Kjetil Øvstetun trur klubben vert oppløyst viss Jotun stiller seniorlag i årets sesong. Les meir

...

Treng sliten sofa

Nyhende Har planar om å gjera det heimekoseleg under Veka. Les meir

...

Sogndal-Molde på TV

Sport TV-kampane for dei første serierundane i årets eliteserie er klare. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.