VIKAFJELLET: Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd onsdag morgon. Biletet er frå Hola på riksveg 13. (Webkamera: Statens vegvesen)

Reknar med å opna for kolonnekøyring

Riksveg 13 over Vikafjellet vart stengd grunna uvêr natt til onsdag. Vegvesenet reknar med å kunne starta med kolonnekøyring frå klokka 10.

Publisert 10.01.2018 kl. 06.18. Oppdatert kl. 06.57.

Like før midnatt natt til onsdag vart vegen over Vikafjellet stengd grunna uvêr, melder Statens vegvesen. Like før klokka 09.30 vert det opplyst at dei reknar med å starta med kolonnekøyring over fjellet frå ca. klokka 10 onsdag føremiddag.


Onsdag morgon vart også fylkesveg 50 Aurland-Hol stengd, denne er opna for kolonnekøyring, melder Vegtrafikksentralen klokka 08.45.


Slik var vêr- og føretilhøva på dei vinteropne fjellovergangane i Sogn onsdag morgon:


E16 Filefjell


Snø- og isdekke. Klokka 05:35 var det minus 7 grader, laber bris og opphaldsvêr.


Rv. 13 Vikafjellet


Stengt grunna uvêr.


Rv. 52 Hemsedalsfjellet


Snø- og isdekke, stadvis redusert sikt. Klokka 05:30 var det minus 6 grader, stiv kuling og opphaldsvêr.


Fv. 50 Hol - Aurland


Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering klokka 08:00 onsdag.


Fv. 53 Tyin - Årdal


Vekslande snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det minus 6 grader, frisk bris og opphaldsvêr.


Siste saker Gå til framsida