VANN: Årdal FK vann 2-1 over Tornado Måløy på Jotun stadion laurdag. (Foto: Elin Hæreid)

Årdølene vann trass sjansesløseri

Ivan Øy sine menn gjorde det vanskeleg for seg sjølv mot Tornado Måløy.

Publisert 30.09.2017 kl. 17.53. Oppdatert kl. 17.55.

- Eg føler me har sjansar til å scora tre og fire mål, men me klarar ikkje å setja sjansane våre, seier Terje Kvam Øvstetun.


Han blei den store helten i 2-1 sigeren på Jotun stadion med si scoring to minutt etter pause. Øvstetun var på rett plass til rett tid, då han fekk slengt seg fram på bakarste stolpe og tuppa ballen i mål, etter eit innlegg frå Ørjan Skilbrei på høgrekanten.


- Må setja sjansane

Heimelaget skapte dei største sjansane i starten, men det var gjestene frå Nordfjord som tok leiinga i det klassiske oppgjeret. Chris André Nore sende dei blåkledde i føringa etter ein halvtime, men fem minutt seinare sørgja Fredrik Sørli for balanase i rekneskapen. Etter kvilen scora Øvstetun omgangens einaste mål.


- Men det blei spennande på slutten, og Tornado Måløy hadde ein feit sjanse på overtid. Så det vart ein mindre komfortabel siger enn kva me hadde håpa på, seier Øvstetun og held fram:


- Me bør bli meir kyniske, og ta betre vare på sjansane våre. Eigentleg er det litt flatterande at kampen enda 2-1. Me burde ha vunne med langt større siffer. 


Tenkjer ikkje på medaljeplass

Kvifor klarar de ikkje å ta betre vare på sjansane?


- Det er vanskeleg å seia. Me kjem frå ein kamp i Høyanger der me er effektive og vinn 8-0. Eg meiner me har spelt best på kunstgras i år, så det spørst om graset spelar oss eit puss. 


Med tre poeng til Årdal er dei no berre to poeng bak Florø 2 på tredjeplass, men florøværingane har ein kamp til gode - og det mot tabelljumbo Høyang.


- Eg går ikkje rundt og tenkjer på medaljeplass. Det er 1. plass som gjev premie og opprykk, men me skjønte det ville bli vanskeleg i haust då Sogndal byrja å bruke nesten eit heilt lag frå førstelaget sitt, seier han.



Les meir om: Sport Fotball Årdal

Siste saker Gå til framsida