IRRITERT: - Me vurderer å melda dette til politiet, seier leiar i Indre Ofredals vener og primus motor for dugnadarbeidet ved anlegget Ne`Fø `Sjøen, Harald Thune. (Arkivfoto)

Rasar over tjuveri

- Kven er du eller dykk som har så lite å ta dykk til at de må driva med slike barnslege ting?

Publisert 12.07.2018 kl. 20.52.

Det er spørsmålet Indre Ofredals vener stiller seg etter at dei oppdaga at ei skiltramme er forsvunne frå inngangen til Ofredalstunnelen.


Kan bli meldt

Skiltramma var laga i impregnert materiale, 2x4 meter i storleik, og plassert ved inngangen til tunnelen fordi den skulle setjast opp der dagen etter.


- Me vurderer å melda dette til politiet, seier leiar i Indre Ofredals vener og primus motor for dugnadarbeidet ved anlegget Ne`Fø `Sjøen, Harald Thune.


- Trist og småleg

Skiltramma var plassert attmed rekkverket på Seimsdalssida og skal ikkje ha vore til hinder for nokon.


Veneforeninga oppmoda no folk som kan ha sett ein varebil, eventuelt med hengjar, på staden måndag ettermiddag mellom klokka 17.00 og 18.00, om å ta kontakt.


- Det er trist at nokon kan vera så småleg å stela frå folk som har jobba 6.000 timar på dugnad dei siste tre åra ved denne historiske plassen, seier Thune.


Ikkje fyrste gong

I ei oppmoding veneforeninga har spreidd via Facebook, seier han at dersom den som har reist med ramma angrar og vil setta den på plass att, vil det vera supert.


Eit mellombels skilt som var sett opp ved inngangen til tunnelen, er også borte. Det same skal attpåtil ha skjedd i fjor.


Fritidsproblem

- Kven er du eller dykk som har så lite å ta dykk til at de må driva med slike barnslege ting? De er velkomne til å delta på dugnad Ne`Fø`Sjøen med oss, der de kan gjera noko fornuftig i staden, er oppmodinga frå venneforeninga. 


Les meir om: Nyhende Årdal

Siste saker Gå til framsida