UTAN VEG: Fimreite er utan vegsamband, men for dei som har båt er det kort veg over fjorden til Slinde. (Foto Eli Grotle)

Ras på vegen til Fimreite - bygda isolert

Det har gått eit jordras på vegen mellom Sogndal og Fimreite laurdag føremiddag.

Publisert 23.12.2017 kl. 12.30. Oppdatert kl. 13.49.

Vest politidistrikt opplyser at FV 214 mellom Valeberg og Fimreite er stengt på grunn av eit jordras.


- Raset er gått ved Tallberget på fv214 mellom Sogndal og Fimreite. Det renn framleis stein, jord og tre ned fjellsida. Me kan ikkje senda ryddemanskap inn før det har stoppa og me veit det er trygt. Er usikkert å sei når det opnar, men vil mest sannsynleg ikkje opna før imorgon. Me veit meir i løpet av dagen, seier Roger Nedberge Hille i Statens vegvesen.


Det betyr at bygda Fimreite er utan vegsamband på veslejulaftan.


 

RAS: Raset har gått ved Tallberget mellom Valeberg og Fimreite. Laurdag i halv to tida kom det framleis is og jord ned rasløpet. (Foto Eli Grotle)

Båtskyss

Det bur mellom 30 og 40 innbyggjarar på Fimreite som no må bruka båt skal dei kome seg til og frå.


Det er kort veg over fjorden til Slinde.


Ordførar Jarle Aarvoll seier til NRK at det er oppretta kontaktpunkt på Fimreite som kan hjelpe til om det på oppstår behov for ekstraordinære tiltak.


Har fjorden

Magni Haug Sims bur saman med mannen Robert på Fimreite.

Raset splitta familien på veslejulaftan sidan Robert reiste til Sogndal like før raset gjekk.

Magni og søstra Margrethe Haug med fleire er samla på hytta i Fimreite. Og dei kjenner seg ikkje innesperra.
- Me er aldri innesperra, noken for med ein båt her i stad. Så me er aldri innesperra så lenge me har fjorden. Det er berre ti minutt til Sogndal med båt. Det er ikkje slik som til dømes på Veitastrondi der dei virkeleg er innesperra når det går ras, seier Magni.


Juleselskap

Ho har ikkje julegjestar i år. Borna med familie bur i London, så dei feirar jul der. Men om ho ikkje kjenner seg innesperra, så tykkjer ho det er litt av eit ver.
- Hjelpes meg, det er noko heise kor vatnet renne i elvane.


Ho vonar det vegen vert opna til i morgon, for då skal dei til systra for å feira jul. Men om vegen ikkje er opna, så dreg dei med båt.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida