FRAMLEIS STENGD: Både riksveg 13 over Vikafjellet, fylkesveg 50 Hol-Aurland og fylkesveg 152 ved Alstokka, er stengde i morgontimane måndag. (Arkivfoto)

Ras og uver skapar problem

Riksveg 13 over Vikafjellet og fylkesveg 50, Aurland-Hol, er framleis stengde.

Publisert 12.02.2018 kl. 06.24.

Aurland-Hol er stengd på grunn av snøras. Det same er fylkesveg 152 ved Alstokka i Balestrand.


Elles er det ope på dei vinteropne fjellovergangane. Fylkesveg 53 Årdal-Tyin har noko smal vegbane einskilde stader på grunn av uvêret som herja i fjellet søndag.


Det vil vera vegarbeid ved Finnsåstunnelen også denne veka, med gjennomkøyring til faste tider.


 


Siste saker Gå til framsida