Rakettar og rus

Festleg fyrverkeri får etterspel.

Publisert 18.03.2017 kl. 08.48.

Politiet fekk natt til laurdag melding om ein gjeng med ungdomar som fyrte opp rakettar i Sogndal.


Klokka 05.11 twittra politiet om at hendinga kjem til å bli følgt opp.


 I Sogndal fekk ein rusa mann i 20-åra pålegg om å halda seg vekke frå ein utestad.


I Florø sentrum vart ein rusa mann i 30-åra pågrepen med ei mindre mengde narkotika.