Prøvde stikka av frå kontroll på Håbakken

Publisert 12.10.2017 kl. 06.10.

Ein polsk sjåfør vart meld til politiet, etter at han prøvde å stikka av frå tungbilkontrollen på Håbakken onsdag kveld. Eit vogntog til stakk av frå kontrollen, men her lukkast det ikkje å få henta det inn att.


Ein annan sjåfør, norsk denne gongen, var meld til politiet grunna fleire brot på køyre- pg kviletidsreglane. Statens vegvesen kjem til å be om føretakskontroll i selskapet denne sjåføren er tilsett i.


Eit vogntog fekk køyreforbod og vart ilagd overlastgebyr grunna dårleg sikring av lasset, som også var tyngre enn tillete. Kontrollørane kom også over eit køyretøy som vanta bombrikke, noko det vanka bombrikkegebyr for. Til sist: Eit vogntog fekk med seg mangellapp på ferda vidare, fordi det var feil på lysa på køyretøyet.


 


Siste saker Gå til framsida