Populært å jobba i nasjonalparken

Publisert 18.05.2018 kl. 06.10.

43 søkarar, 21 kvinner og 22 menn, melde seg då Fylkesmannen i Sogn og Fjordane lyste ut eit eittårig engasjement knytt til forvaltning av Jostedalsbreen nasjonalpark.  

- Det er gledeleg at mange har lyst til å jobba med forvaltning av nasjonalparken, og at me får så mange godt kvalifiserte søkjarar til ei stilling, seier nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm.

- Dette syner at mange vil vere med å forvalta juvelane av norsk natur. Me trur også det syner at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ein attraktiv arbeidsgjevar.

Fylkesmannen er arbeidsgjevar for forvaltarane av nasjonalparkar og større verneområde. Sjølve forvaltninga og vedtaksmynde er lagt til nasjonalparkstyret. I styret sit ein politikar frå kvar av dei sju kommunane med areal i nasjonalparken, og ein politikar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Tilsetjinga vert venteleg avgjort rundt 1. juni.


Siste saker Gå til framsida