STEIN: Det har rasa ned stein inne i ein tunnel på fylkesveg 630. (Foto: Jens Christian Jerving)

Populær turistveg stengd av ras

Blir rydda denne veka, men skal snart stengjast att.

Publisert 09.09.2018 kl. 16.30.
Fredag 31. august fall det ned ein del stein inne i ein tunnel på fylkesveg 630 ved Seltunåsen i Lærdal kommune.
 
Vegen går mellom Seltun og Voldum og mellom Hjelle og Bjoråk i Lærdal og var ein del av Europaveg 16 fram til Borgundtunnelen og Selatuntunnelen blei opna i 2004 og 2003. I dag blir vegen mykje brukt av turistar.
 
- Det har rasa ned nokre steinar på mellom ein og ein og ein halv kubikk, seier Rune Dvergsdal i Statens Vegvesen.
 
Han fortel at vegen vil bli opna att i løpet av veka.
 
- Det skal ikkje berre ryddast, det må også setjast inn nye boltar og reinskast i området først.
 
Men vegen blir ikkje open lenge.
 
- Den skal stengast att 1. oktober då det skal det renskast endå meir i området, seier Dvergsdal.
 
Vanlegvis blir vegen vinterstengd i slutten av oktober.
 
STENGD: Vegen er steng, men vil opna att i løpet av veka. (Foto: Jens Christian Jerving)

Les meir om: Siste Nytt Nyhende Lærdal

Siste saker Gå til framsida