Polsk sjåfør meld til politiet

Ein polsk vogntogførar er meld til politiet for å ikkje ha stoppa for skilta kontroll på Håbakken i Lærdal onsdag.

Publisert 13.09.2017 kl. 17.09.

112 køyretøy var inne på kontrolplassen. Sju køyretøy fekk skriftlege manglar og fem køyretøy fekk bruksforbod. 


Ein sjåfør fekk overlastgebyr for tung last med spesialtransport. Sjåføren måtte laste av lasta som skal transporterast vidare av eit anna firma.


Eit vogntog hadde overlast på framaksel med 1600 kilo. Sjåføren fekk gebyr for dette og måtte lasta om før vidare køyring.


Elles vart det kontrollert ein del førarar opp mot køyre og kviletidsreglane. 


- Her var det ikkje store anmerkningar på nokon av dei. Dette var positivt, seier Jan Ove Bjørgum i Statens vegvesen.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida