ILLUSTRASJONSFOTO: Kontroll på Håbakken i natt. Desse køyretøya har ingenting med saka å gjera.

Politimeld etter kontroll

Totalt 12 køyretøy vart sjekka i kontrollen på Håbakken i går kveld.

Publisert 13.09.2018 kl. 06.45. Oppdatert kl. 06.47.

Ein sjåfør vart meldt til politiet for brot på køyre-og kviletida etter ein kontroll Statens vegvesen gjennomførte på Håbakken i Lærdal i går kveld og utover natta.


Hindra sikt

Der vart det avdekka tekniske manglar på to køyretøy, medan eit vogntog fekk bruksforbod på grunn av gjenstandar som låg i frontvindauga og hindra sikt. Sjåføren får truleg køyra vidare etter å ha fjerna gjenstandane.

Til saman 12 køyretøy vart sjekka i kontrollen, som vart avslutta ved 02-tida i natt.


Siste saker Gå til framsida