BER FOLK SLUTTA Å SPEKULERA: Politiet ber lokalbefolkninga slutta å spekulera rundt årsakenen til dei mange skogbrannane i området den siste tid. (Arkivfoto)

Politiet om brannane på Kaupanger: - Folk må slutta å spekulera

Politiet ber lokalbefolkninga på Kaupanger om å slutta å spekulera rundt årsakene til dei mange skogbrannane den siste tida.

Publisert 12.06.2018 kl. 10.37. Oppdatert kl. 10.44.

Etter seks brannar på kort tid fryktar fleire at brannane er påsette. No går rykta blant bygdefolket.


- Me er kjende med at det er veldig mykje prat blant folk, seier politikontakt Jorunn Furuheim, og understrekar at politiet ikkje har nokon mistenkte.


- Det er viktig at lokalbefolkninga let politiet står for etterforskinga, seier ho og ber om at politiet no får ro til å gjera jobben sin.


Observerte politi

Nokre av rykta skal ha oppstått etter at fullt uniformert politi vart observert på ei bustadadresse.


- Me jobbar meir ute no enn tidlegare. Det er ein naturleg del av politiarbeidet å reisa heim til folk, eller gjera avhøyr på staden ikledd uniform og med utrykningsbil, seier Furuheim, og understrekar.


- Det kan vera mange grunnar til at politiet ynskjer å snakka med noko. Det må ikkje ha skjedd noko kriminelt.


Avhøyrer vitner

Politiet jobbar no med av avhøyra vitner i saka.


- Me har avhøyrt mange vitner, men er framleis ikkje ferdige med det, seier politikontakt Jorunn Furuheim.


Les også: Fryktar at brannane er påsette


Les meir om: Nyhende Politi

Siste saker Gå til framsida