EPISODE 8: Morten Sortland (t.v) og Endre Romøren (t.h) har med seg Arve Uglum og Kjetil Wæhler som gjester i den åttande episoden i fotballpodkasten Radl om badl.

Wæhler om nei til Wenger og Uglum om porno på kamp-tape

Kjetil Wæhler og Arve Uglum leverer varene i den åttande episoden av podkasten Radl om badl.

Publisert 19.09.2017 kl. 13.58. Oppdatert kl. 08.14.

Det er ei glede å ønskja velkomen til den åttande episoden av Radl om badl. Temaet i denne episoden er at det er ingen grunn til å frykta 40-åra. Dagens gjester er prakteksemplar på dette.


Kjetil Wæhler har bakgrunn som profesjonell fotballspelar i Norge, England, Sverige og Danmark. 


Han har spelt cupfinale i tre land, blitt meister i to av desse, han blei seriemeister med Vålerenga i 2005, har 32 landskampar for Norge og har vore med på å slå Tyskland i Tyskland. 


Han er kanskje landets best trente 41-åring, har over 5000 følgjarar på Twitter, og er truleg den signeringa i årets eliteserie som har hatt størst betydning for sitt lag.


Arve Uglum er ikkje mykje dårlegare. Kaupangers store son har vore journalist i Årdal og Lærdal Avis, han har i ei årrekkje vore ein profilert journalist i NRK Sogn og Fjordane, han har blant anna dekka VM i fotball, og er forfattar av boka Grautmål. 


Han er programskapar av den populære tv-serien fjellfolk, og størst av alt: Han er mannen som tok over etter Oddgeir Bruaset som programleiar for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». 


Denne karen har respektable 1769 følgjarar på Twitter, og til likskap med Wæhler har han eiga wikipedia-side.


I den åttande utgåva av Radl om badl snakkar Wæhler om comebacket, om borna som nekta han å spela i OBOS-ligaen denne sesongen, planane vidare, om prøvespelet i Arsenal og ikkje minst tida med The Crazy Gang i Wimbledon. 


Uglum har fleire historier på lager, mellom desse ein kamp-tape frå 2004 som er verdt å høyra. Programleiar Endre Romøren køyrer ein småfrekk topp 5-kåring med Arve Uglum-tweets, og me testar quiz-kunnskapane til duoen der VM-sluttspel på 90-talet er tema. 


Podkasten kan lastast ned og høyrast i iTunes og i SoundCloud:



Siste saker Gå til framsida