Endre Romøren og Morten Sortland har med seg Nils Tore Krosshaug og Bjarte Vatlestad som gjester i jubileumsutgåva av fotballpodkasten Radl om badl. (Foto: Johan Salveson)

Vatlestad om proffliv i Italia og Krosshaug om å snika i ferjekøen

Nils Tore Krosshaug i Sogndal fotball og tidlegare proffspelar i Italia, Bjarte Vatlestad, er gjester i jubileumsutgåva av fotballpodkasten Radl om badl.

Publisert 01.12.2017 kl. 12.52. Oppdatert kl. 09.07.

Vatlestad har hatt ein fotballkarriere litt utanom det vanlege. Han har spelt for Sogndal og Fredrikstad, men har òg vore proffspelar i Italia og på Færøyane.


Nils Tore Krosshaug er ein av dei mest kjende figurane i fotballfylket Sogn og Fjordane. Han har vore trenar i Sogndal, Årdal FK, Fjøra, Kaupanger og Syril, og jobbar i dag i utviklingsavdelinga til førstnemnde klubb.


I denne episoden får du høyra meir om kvifor ein målkåt Vatlestad vart nekta meir speletid for Serie D-klubben Rodengo Saiano, om korleis han enda opp med å spela kvalifisering til UEFA-cupen på Færøyane og korleis han fekk kontrakt med Sogndal Fotball. 


Krosshaug nyttar høve til å svara på påstandane frå Morten Brandsdal og Ole Gunnar Hunderi om han har tenkt å melda seg inn i motorsykkelklubb, om feilaktige domaravgjerder på overtid, og ikkje minst då han var i ferd med å gå om bord på ferja for å henta ut at den bilen som hadde stole plassen hans. 


Podkasten kan lastast ned og høyrast i iTunes og i SoundCloud:



Siste saker Gå til framsida